Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Felles NAV kontor

Kjøpmannsbrotet 5, 4352 Kleppe, blir nytt felles lokale for NAV kontora i Klepp og Time.

Kommunestyra i Klepp og Time, samt NAV Rogaland gav våren 2018 i oppdrag å setta i gang prosessen med samanslåing av dei to NAV-kontora.

Det har vore eit godt arbeid i mange grupper som nå endar med samanslåing av kontora i løpet av 2019.

Styringsgruppa for samanslåing av NAV-kontora i Klepp og Time informerer nå om at det er beslutta å inngå leigeavtale med Kjøpmannsbrotet 5 AS, på Klepp, om nytt felles lokale for NAV Klepp-Time. Kjøpmannsbrotet 5 er eit lokale som støttar framtidige krav om bruk og tilgjengelegheit.

Vedtak i styringsgruppa for samanslåing av NAV-kontora i Klepp og Time 05.12.18