Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Farlege straumar langs strendene

Jæren friluftsråd minner om at det kan vera farlege, utgåande straumar når du bader ved strendene.

Desse er farlege når du ikkje veit korleis du skal takla dei, og det er skjedd drukningsulukker som følgje av dette.

Understraumane kan vera nære land, langs stranda og langs berg. Lokalkjente seier at det alltid er slike straumar på Bore, men dei kan og finnast langs andre strender. Dei er der, sjølv om det ikkje er store bølger.

Du kan merka understraumar i bølgjene når du kjenner at beina blir dradd under deg. Små barn som leiker på grunt vatn kan også få problem. Det er havet med sine store krefter som skyller inn over strendene våre.

Det er sett opp skilt ein del plassar. Ta en kikk på dei. De kan også lesa om utgåande straumar på nett - søk Rip current.

undervassstraumar

Desse skilta er sett opp ved inngangen til ein del strender. Det viser info om straumane. Jæren friluftråd råder alle til å høyra på kjentfolk og respektera advarslar. Litt «googling» vil også gi ein god del informasjon om korleis ulike straumar oppstår, oppfører seg og korleis du bør forhalda deg til dei.