Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ein innbyggar i Klepp har gått bort i samband med covid-19

Eg kan i dag stadfesta at ein av kommunen sine innbyggarar har gått bort i samband med korona. Vedkommande, som var i alderen 50-60 år, var innlagt på Stavanger Universitetssjukehus, og døydde laurdag 9. januar.

Våre tankar og vår medkjensle går i dag til familien til den avdøde. Korona-pandemien set oss alle på prøve på ulike måtar, og me må halda fram med å visa omsorg for kvarandre.

Sigmund Rolfsen
Ordførar i Klepp kommune