Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Digital søknad om sosialhjelp

Du kan nå søka om sosialhjelp digitalt i Klepp kommune.

 

Den nye løysinga gjer at du kan søka heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
Sjå filmen «Slik søker du sosialhjelp på nett»

Her er lenke til søknaden.

For å søka sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Comfides.


Om økonomisk sosialhjelp:
På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon om økonomisk sosialhjelp: Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no

Treng du hjelp?
Treng du hjelp til  å fylla ut søknaden, kan du ringa NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon.

Du kan også få kontakt med oss på chat og «skriv til oss»

Om du av ulike årsaker ikkje kan eller ikkje ønsker å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt bruka papirsøknad.

 For dei som ikkje har moglegheit for å kontakta oss digitalt eller skriva ut søknaden, kan papirsøknadar om sosialhjelp hentast inne i gangen hos NAV Klepp-Time mellom klokka 09.00 og 16.00 måndag til fredag. Det er også moglegheit til å skriva beskjedar og legga post i NAV Klepp-Time sin postkasse utanfor inngangen til bygget eller publikumsmottaket.