Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Coronaviruset

Informasjon og råd om smitteførebygging.

Coronasmitte er ikkje påvist i Noreg per 31. januar 2020.

Personar som dei siste 14 dagene før dei har fått symptomer

  • har vore i Hubei-provinsen (inkl. Wuhan by) i Kina, eller
  • har hatt nærkontakt med personar som har fått påvist coronaviruset

og i tillegg har:

  • akutt luftveisinfeksjon der det er naudsynt med sjukehusinnlegging, eller feber over 38 grader, sjukehistorie med feber og akutt luftveisinfeksjon med minst ein av følgjande symptom: kortpusta, hoste eller sår hals

skal ringe legevakta på 116 117. Det er viktig at du ringer først og ikkje berre møter opp.

 

Vanar som førebyggjer smitte

  • Papirlommetørkle framfor munn og nase skjermar andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene.
  • Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, til dømes på reise.