Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Natteravnar i Klepp

Har du lyst å vera natteravn i Klepp sentrum?

Klepp kommune ønskjer at alle skal ferdast trygt og greitt ute på kveldstid. For å nå dette målet er det mange som må dra i same retning, og det opplever kommunen at me nå gjer ved å leggja til rette for ei natteravnordning kor føresette, skular, næringsliv og kommunalt tilsette bidreg på kvar sin måte.

For nær 20 år sidan blei det etablert ei natteravnordning i Klepp. Nærare 150 personar meldte seg raskt til ordninga. Sidan den gong har det skjedd mykje positivt i utviklinga av ungdomsmiljøet og det har derfor ikkje vore nødvendig med natteravnar sentralt i Klepp. Det siste halve året har me sett ei utvikling i ungdomsmiljøet som gjer det aktuelt og naudsynt å få ordninga med natteravnar opp å gå igjen. Orstad har ei ordning med natteravnar som har fungert i mange år. Nå er det føresette ved de to ungdomsskulane Klepp ungdomsskule og Bore ungdomsskule som blir utfordra til å bidra.

Kommunen har ein samarbeidsavtale med Tryg forsikring gjennom Natteravnene (https://www.natteravn.no/om-natteravning/hva-er-en-natteravn/). Dette gjer at som natteravn er du mellom anna forsikra og me får mange gode tips og idear for korleis arbeidet kan utførast.

Kva er ein natteravn?

Ein natteravn:

  • er ein heilt allminneleg, vaksen person med sunn fornuft
  • bidreg til eit godt oppvekstmiljø for barn og unge i nærområdet
  • vandrar ute i gatene på kveldar og netter
  • bryr seg om barn og unge ved å vera tilstades for dei når dei treng det
  • observerar, lyttar, gir rettleiing og hjelp når barn og unge tar kontakt
  • er edru og rusfri, blid og venleg
  • er inkluderande og politisk og religiøst nøytral

 Som natteravn:

  • kan du vera med på å skapa tryggleik og trivsel i lokalmijøet ditt
  • kan du bidra til å skapa gode, sosiale møtestadar mellom unge og eldre
  • får du innblikk i barn og unge sin kvardag utanfor heimen sine trygge vegger
  • blir du kjent med andre engasjerte vaksne og ditt eige nærmiljø 

For å koma raskt i gang fordelar me arbeidet slik frå juni 2018:

Fredag 1. juni: Klepp u 9. trinn

Lørdag 2. juni: Klepp u 8. trinn

Fredag 8. juni: Bore u 7. trinn

Lørdag 9. juni: Bore u 9. trinn

Fredag 15. juni: Klepp u 10. trinn

Lørdag 16. juni: Bore u 10. trinn

Fredag 22. juni: Bore u 8. trinn

Lørdag 23. juni: nokre som meldar seg frivilleg!!

Praktisk informasjon

Tal på ravnar kvar kveld: 4 – 6 som alltid går minimum to saman.

Tidsrom:         klokka 20.00 – 23.00

Samlingsstad er: McDonald`s klokka 19.55

McDonald`s er ein sentral samarbeidspartnar i dette arbeidet og natteravnar får eit låsbart rom kor vestar/jakkar og informasjonsperm blir oppbevarte, i tillegg får ravnar kaffi/te og eit måltid mat der.

Kontaktperson frå kommunen si side er ungdomskoordinator Sara Tjelmeland, tlf 416 51 394. Viss FAU, klassekontaktar, foreldre eller andre lurer på noko så er det bare å ta kontakt.

Natteravnane vil 1. juni treffa kommunen sin kontaktperson, Sara Tjelmeland, og representant for politiet. Det vil bli gitt informasjon om kor i sentrum ravnane bør gå, og alle telefonnummer som det kan bli bruk for er tilgjengelege i informasjonspermen.

Frå hausten 2018 vil natteravnordninga organiserast slik:

Bore ungdomsskule og Klepp ungdomsskule får lister og datoar. Dei ulike trinna skal setta opp ravnar. Ordninga startar opp 17. august og siste kveld er 27. oktober. Nærare informasjon kjem!

Det vert ei evaluering i november kor ein lagar plan for 2019.