Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barseltreff/barselgrupper

Opne barseltreff på helsestasjonen

Våren 2020 blir det opne barseltreff på helsestasjonen. Det kjem ikkje til å vere helsesjukepleiar til stades på desse treffa, men det blir ein stad å treffast for dei som ønsker å gå i barselgruppe. Her kan de lage ei gruppe og avtala vidare treff. Det er ikkje påmelding til desse gruppene.

Helsestasjonen har fått tilbakemelding frå fleire av våre brukarar om at dei ønsker seg geografiske barselgrupper. Derfor blir det lagt til rette ved å stille eit rom til disposisjon på helsestasjonen for dei som ønsker å gå i barselgruppe.

Tid: Følgande fredagar kl 13.00

Kleppe: 6/3, 3/4, 15/5, 19/6
Orstad/Engelsvoll (Klepp stasjon): 13/3, 17/4, 29/5
Bore/Verdalen/Voll: 20/3, 24/4, 5/6
Tu/Orre: 27/3, 8/5, 12/6