Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnehagane opnar 20. april

Barnehagane i Klepp opnar som planlagt måndag 20. april.

Målet er å kunna tilby normal opningstid i løpet av veka, eller tidleg i veke 18. Fram til dette vil barnehagane stenga klokka 16.00.

Dei fleste barnehagane opnar klokka 07.00, men i barnehagar der foreldra samla har meldt inn at det ikkje er behov for dette, er opningstida frå 07.30.

Foreldre og føresette vil få direkte beskjed frå sin barnehage om kva som gjeld hos dei. Det er rom for tilpassingar i opningstida ut frå individuelle behov. Ta gjerne kontakt med din barnehage viss du lurer på noko.

Barnehagane er i dialog med kommuneoverlegen når det gjeld smittevern og lokale tilpassingar i tråd med den nasjonale rettleiinga.

Dei tilsette gler seg til å sjå ungane igjen!