Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barn som pårørande

Denne veka i november er fokusveke for arbeidet med barn som pårørande i Klepp.

I år vil fokuset ver på å dela informasjon med tilsette og innbyggjarane i Klepp om kva som kan vere lurt å tenkje på eller gjere dersom dine barn eller barn i nettverket ditt er pårørande.  

I Klepp kommune har me eit samarbeidsnettverk for barneansvarlege, og her deltek tilsette frå alle verksemdsområde i helse og velferd, inkludert NAV. Oppgåva til barneansvarlege i kommunen er å minna tilsette og leiarar om det viktige arbeidet kvar einskild skal gjere i arbeidet for barn som er pårørande.  

Barneansvarlege skal og halda oversikt over tilbod i og utføre kommunen som kanskje kan ver til hjelp i vanskelege situasjonar. Det er hjelp å få, og det er viktig å hugse at du ikkje er svak om du treng og ber om hjelp. Det syner styrke å erkjenna at det av og til ikkje er mogleg å få til ting slik du vanlegvis gjer.  

Det er lovfesta at helsepersonell med ansvar for behandling skal kartleggja om pasientane deira har barn eller søsken som treng informasjon eller oppfølging knytt til det å være pårørande. FN sin barnekonvensjon syner at  same behov om informasjon og oppfølging for barn finns om nokon med foreldreansvar sit i fengsel, deltek i utanlandsoppdrag for forsvar eller bistand. 

Barn kan oppleva ekstra påkjenningar i livet sitt på grunn av foreldre eller søsken sin sjukdom, skade eller avhengigheit. Med fokus på barn som pårørande kan me i Klepp redusera risikoen for at barna sjølv utviklar eigne helseplagar på grunn av situasjonen dei er i.  

Når nokon i familien vert sjuke eller skadde vil det påverka heile familien. Rutinar, kvardag, stemning og relasjonar kan endra seg. Usikkerheit knytt til framtida er heilt naturleg og vil gje ein stressreaksjon som kan få fram våre verste sider. Kommunikasjonen kan bli vanskeleg.  

Vaksne kan sjå samanhengane og forstå, men det er vanskelegare for barn. Dei treng ofte at trygge vaksne gjer forståeleg informasjon, for barn har god fantasi og lagar sine eigne forklaringar viss ikkje. Slike eigne forklaringar kan ofte få barnet til å tenke at sjukdommen eller ulykka var deira feil, eller at det er dei som kan og skal hjelpe for at ting skal bli bra igjen. Slike feilforklaringar er viktige å snakka om, og å syna barnet at sjølv om dette er trist eller skummelt så er det lov å glede seg eller ha det kjekt innimellom og.