Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Auka driftsresultat i Klepp

Foreløpig rekneskap for 2018 viser at Klepp kommune har ein auke i netto driftsresultat frå 31 millionar til 41,9 millionar i 2018. Årsaka er betre skatteinngang i Klepp og for landet, lågare driftsutgifter og høgare renteinntekter enn budsjettert.

Foreløpig rekneskap 2018

  • Netto driftsresultat har ein auke frå 31 millionar til 41,9 millionar i 2018.
  • Skatteinntekta vart 545,6 mot budsjettert 537 millionar, ein auke på 3,65 %.
  • Meirforbruk i tenesteområda Helse og velferd og Lokal utvikling. Dei andre områda hadde mindreforbruk.
  • Udisponert overskot/mindreforbruk vart 26,3 millionar, mot 16,6 millionar i 2017.

Les heile pressemeldinga her.