Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Arkitektkonkurranse

Klepp kommune inviterer 4 arkitektfirma til å teikna nytt kommunehus

I 2025 skal nytt kommunehus og kyrkje stå klart i Solavegen i Klepp. Blant 34 søknader om å få vera med i plan- og arktitektkonkurransen blir fire søkarteam nå inviterte til å levera sine forslag.

Dei fire som har gått vidare frå prekvalifiseringa er L2 Koht arkitekter, Atelier Oslo Trodahl arkitekter, Longva arkitekter arkitekt Einar Dahle og HRTB.

Klepp kommune skal rehabilitera eksisterande kommunehus og byggja eit nytt tilbygg som blant anna skal innehalda ein kyrkjesal med plass til 500 personar.  Romprogrammet legg opp til stor grad av sambruk og fleirbruk, for å få til effektiv utnytting av areala.  

 

Mål for prosjektet er "Eit bygg for alle" med verdiar som:  

  • Gevinst av samlokalisering 
  • Ope og inviterande  
  • Aktive møtearenaer med samskaping 
  • Tydeleg miljøprofil 

Det nye kommunehuset skal husa kommunen sin administrasjon og biblioteket slik som i dag, men også vera tilhaldsstad for kulturskulen, Axis ungdomskultursenter, frivilligsentralen og kyrkja.

Arkitektane som er utvalde skal levera sine utkast før sommarferien. Juryen som består av både politikarar, administrasjon, medlemmer frå kyrkja og med sekretariat frå Norsk Arkitektforening skal vurdera forslaga og vinnar blir kåra i september, om alt går etter planen.

At rådhuset nå får eit løft og på ny blir eit samlingspunkt for innbyggjarane i Klepp blir spennande- og at kyrkja får nye lokal som kan romma større aktivitet er eit viktig grep for utviklinga av sentrum.
“Me er nøgde med at så mange ønskte å delta i konkurransen, og gler oss til å ta i mot fire spennande utkast til sommaren”, seier kommunalsjef Trine E. Fossmark som er leiar av prosjektgruppa.

Utvelgingskomiteen har hatt mange svært gode søknader å velga mellom. Søkarteama representerer ei imponerande mengd dyktige fagpersonar og miljø, og viser mange relevante og spanande prosjekt med overføringsverdi til dette prosjektet.