Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Årets fyrste fullmånekonsert

Fredag 10. januar kan du oppleva gruppa Låvaberget i Friluftshuset på Orre.

Låvaberget er ei gruppe frå Egersund med en historie helt tilbake til 70-tallet. Gjennom utallege spelejobbar på ulike scener – frå kirker og festivalscener til pubar og rockeklubbar – har Låvaberget opparbeidd seg eit solid rykte som eit friskt og humørfylt liveband.

 

Utgangspunktet har heile tida vore irsk og britisk tradisjonsmusikk, både på originalspråket og på egersundsdialekt.

Etter eit 10 års avbrekk fann medlemmane for nokre år sidan saman igjen og gjenoppdaga den gode kjemien, spillegleda og det fengande repertoaret.

Bandet består av Trond Gudmestad på trommer; Gunnar Tønnesen på fele, gitar, mandolin, fløyter; Thor Kristian Klepp på gitar, mandolin; John Vigrestad på gitar, mandolin, banjo; Oddvar Berentsen på bass og Jan Ivar Peterson på fløyter. Trond held seg stort sett taus, mens resten syng så det er ein fryd.

Fullmånekveld i Klepp, Friluftshuset på Orre, fredag 10. januar kl. 20.00.
Entré kr. 200. Billettar: Tlf 51429860, SMS 40436248, fullmaane@klepp.kommune.no

*

Program for resten av året kjem straks!