Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Val 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Valde representantar og vararepresentantar til kommunestyret 2015 - 2019

Valresultat frå Kommunaldepartementet

 

Stemmelokale på valdagen 14. september

På valdagen må du stemma i den kommunen der du er ført inn i manntalet.

Her er stemmelokala til dei ulike krinsane i Klepp kommune på valdagen - Åpningstid: 9.00 – 21.00
01 Kleppe Klepp rådhus, festsalen        
02 Engelsvoll Engelsvoll skule, gymsalen        
03 Tu Kåsenhallen          
05 Orre Orre samfunnshus          
06 Bore Bore ungdomsskule, gymsalen        
09 Orstad Orstad Huset          

 Oversikt over vallokale i heile landet

Førehandstemming

Ordinær førehandsstemming startar måndag 10. august og varer til og med fredag 11. september. 
NB! Det er ikkje ope for førehandsstemming laurdag 12. september.

Du kan førehandsstemme i kva kommune du vil, men er sjølv ansvarleg for å stemma så tidleg at stemma når fram til din kommune innan kl 21.00 på valdagen. 

Oversikt over kor du kan stemma på førehand - i heile landet

Førehandsstemming på Klepp bibliotek

Når ordinær førehandsstemming tek til den 10. august kan du førehandsstemme på biblioteket i deira opningstider.

Frå kl. 8.00 - 10.00 kan du førehandsstemme i ekspedisjonen på Klepp rådhus. (Måndag til fredag).

Førehandsstemming på Jærhagen
Jærhagen  Torsdag  27. august kl. 16.00 – 20.00      
  Laurdag  05. september  (Klepp 24) kl. 15.00 – 19.00      
  Torsdag 10. september kl. 16.00 – 20.00      

Står du i manntalet?

For å kunna stemma ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet den 14. september, må du vera ført opp i manntalet.

Manntalet er nå lagt ut til offentleg ettersyn på Klepp rådhus; i ekspedisjonen og på biblioteket.

Kvar skal eg stemma om eg nyleg har flytta?

Dersom du nyleg har flytta, og melding om flytting ikkje er motteken i tilflyttingskommunen sitt folkeregister innan 30. juni 2015, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

På valdagen må du då stemma i den kommunen du flytta frå, eller så kan du førehandsstemma.
Det er valfritt kva kommune ein vil førehandsstemma i. Ordinær førehandsstemming startar 10. august og varer til og med 11. september.

Står du ikkje oppført i manntalet, eller om det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret, så snart som råd. Valstyret vil behandla klager og retta eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk mulig fram mot valdagen.

Kven har stemmerett?

Norske statsborgar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og er eller har vore folkeregistrert som busett i Norge har stemmerett.

Statsborgarar frå andre nordisk land har stemmerett dersom dei er registrerte i folkeregisteret som busette i Norge seinast 30. juni 2015.

Statsborgarar frå andre land i verda, som har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Norge dei tre siste åra, har også stemmerett.

Partilister til Kommunestyre- og fylkestingsvalet

Godkjente partilister til Kommunestyrevalet 2015

Godkjente partilister til Fylkestingsvalet 2015 

Valstyret i Klepp

Det er medlemmene i formannskapet som er med i valstyret.
Leiar er ordførar Ane Mari Braut Nese.

Adresse:
Klepp valstyre
Pb 25
4358 Kleppe

postmottak@klepp.kommune.no

Telefon: 51 42 98 64 / 51 42 98 00

Valinformasjon frå Kommunaldepartementet

Valgportalen

Rådhuset

Besøksadresse:

Solavegen 1
4352 Kleppe

Posadresse:

Postboks 25
4358 Kleppe

Telefon: 51 42 98 00