Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rettslege spørsmål

Advokat

Fri rettshjelp er eit rettshjelpstilbud som er oppretta av det offentlege for å hjelpa personar med å kunne få nødvendig juridisk bistand uavhengig av vedkomande sin økonomi. 

Les meir om fri rettshjelp her

Regelverk:
Lov om fri rettshjelp
Forskrift til lov om fri rettshjelp

Forliksråd

Forliksrådet blir brukt for å løysa tvistar i mange saker. Det kan vera kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningsforhold.

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med begrensa domsmynde. Hovedoppgåva til forliksrådet er å legga til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, raskt og billig.

Forliksrådet
Meir informasjon om forliksrådet

 

Regelverk
Lov om rettsgebyr (rettsgebyrloven) § 7
Lov om domstolene (domstolloven) §§ 27 og 28
Lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven) kap. 6 Behandlingen i forliksrådet
Forskrift etter rettsgebyrloven m.m. (rettsgebyrforskriften) § 3-2 Forliksklage

Konfliktrådet

Konfliktrådet er eit gratis, statleg tilbod til alle, uavhengig av alder. 

Konfliktrådet hjelper til med å løysa konflikter. Konfliktene kan vera mellom private partar eller mellom ein fornærma og ein gjerningsperson der det har vore utført ei kriminell handling. Målet er at partane gjennom dialog finn fram til løysingar. Løysingane kan vera ulike, for eksempel ved å gjera opp for konkrete lovbrot eller ved å gjenoppretta mellommenneskelege relasjonar.

Konfliktrådet si nettside

Regelverk
Lov om megling i konfliktråd (konfliktrådsloven)
Forskrift om konfliktrådsbehandling

Rådhuset

Besøksadresse:

Solavegen 1
4352 Kleppe

Postadresse:

Postboks 25
4358 Kleppe

Telefon: 51 42 98 00