Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Bedriftsbesøk

Bedriftsbesøk Salte AS 09.03.15

Rådmann, leiar for NAV Klepp og næringssjef var på bedriftsbesøk hos Salte AS 

Salte AS held til i Lalandsvegen, der dei har produsert sidan etableringa i 2007. Me møtte dagleg leiar Laila Salte Gausel og dei fire andre tilsette.

 


Dagleg leiar  Laila Salte Gausel, leiar NAV Klepp Geir Erik Ellefsen, 
Oddvar Salte og rådmann Ivar Undheim.

Salte AS driv med tråderodering og senkerodering, ved hjelp av nøyaktige maskinar kan produsere verktøy, stansar og delar som på grunn av konstruksjonen er vanskelege å bearbeide på andre måtar. Dei produserer både prototypar og seriar, og arbeidsoppgåvene spenner frå å lage hol inni store røyr bereikna til bruk innan petroleumssektoren til å lage munnspel.

Då mange av kundane jobbar i offshoreindustrien, er det strenge krav til både matriala og til utførelsen. Salte AS har difor jobba fram eigne prosedyrar som sikrar at dei alltid leverer med best mogleg kvalitet.

Heimesida til Salte AS

Bedriftsbesøk Lie CNC 24.02.15

Ordførar, rådmann, leiar for NAV Klepp og plan- og næringssjef har vore på bedriftsbesøk hos Lie CNC, der dei markerte utnemning av bedrifta som Miljøfyrtårn-bedrift.

Lie CNC er ein totalleverandør innan sveising, metallbearbeiding og produksjon. Dei er underleverandør av avansert platebehandling. 


Dagleg leiar Børre Lübeck, ordførar Ane Mari Nese
og KS/HMS-leiar Kjetil Austrått saman med Miljøfyrtårndiplomet. 

Bedrifta blei etablert i 2005, og held til i nye lokale på Orstad. I 2014 blei bedrifta fusjonert med Rogaland Construction AS. 

Selskapet hadde i 2014 ei omsetting på 50 millionar kroner, og desember 2014 var den beste ordremånaden for selskapet. Men med 70% av oppdraga innan oljebransjen, er dei budd på tøffare tider framover.

Fokuset på HMS er gjennomgåande i bedrifta, og dei har både gjennomført ISOsertifisering og Miljøfyrtårn. Det ligg mykje dokumentasjonsarbeid bak desse utnevnelsane, og det krev at alle tilsette i bedrifta er engasjerte. Dei brukar Lean som arbeidsmetodikk for å ha høg fokus på ryddige lokale, kvalitet, effektivisering og minimalt med sløsing.

På denne måten kan dei levere kvalitet utan å sløse med tid eller pengar. Betre avfallsreduksjon og kjeldesortering sparar dei for mykje pengar når dei slepp å køyre bort spesialavfall.

Heimesida til Lie CNC

Bedriftsbesøk Wellcem 16.01.15

Ordførar, rådmann og plan- og næringssjef har vore på bedriftsbesøk hos Wellcem på Orstad.

Wellcem er et oljeserviceselskap, som har både hovedkontor og utviklingsavdelingen sin i Klepp. Wellcem har utviklet og patentert produktet ThermaSet. Dette kan blant annet erstatte bruk av sement i oljebrønner.


Tarjei Gudmestad, Bård Rune Martinsen, Alf Jan Wik, 
rådmann Ivar Undheim og ordførar Ane Mari Braut Nese

Firmaet ble etablert i 2002 i Trondheim. I 2014 flyttet Wellcem til Orstad. Totalt har bedriften 31 ansatte, 17 av dem jobber i Norge, 10 i Saudi Arabi og 4 i Abu Dhabi. Wellcem har ansatte fra 13 forskjellige nasjoner, på Orstad jobber det ansatte fra 8 forskjellige land.

Produktet ThermaSet er et polymerbasert resin. Det blir pumpet flytende ned i brønnen og herdes på fastsatt temperatur. Fordelen med ThermaSet kontra for eksempel sement er at man på forhånd kan bestemme herdetiden, egenvekten og flyteevnen- avhengig av bruksbehovet. I tillegg sparer man tid på selve arbeidsprosessen i forhold til arbeid med sement.

Wellcem har eget laboratorium og jobber hele tiden med å videreutvikle egne produkter. I tillegg utføres det tester før hver eneste jobb som utføres. Wellcem har fire polymérkjemikere, og samarbeider tett med Sintef og IRIS.

Firmaet flyttet til Klepp av flere grunner; det ble kortere kjøretid for de aller fleste av de ansatte, Orstad ligger sentralt til i forhold til kunder, det er god togforbindelse, de er fornøyd med utleier, og de fikk tilgang til et nytt bygg som de fikk ferdigstilt etter sine behov slik at både lager, laboratorium og administrasjon er samlokalisert.

Heimesida til Wellcem