Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kunngjeringar

Varsel om kartleggingsarbeid ved Figgjoelva

I samband med naturfarekartlegging og evt planlegging av framtidige sikringstiltak langs vassdrag, vil NVE utføra kartleggingsarbeid i Figgjo i perioden frå 3. juli til 20. november 2017.

Strekninga som skal kartleggjast er frå Edlandsvatnet til utløp i sjø. Kartlegginga blir utført med laserskanning frå fly, ekkolodding frå båt og måling av tverrprofilar i elva med handhalde utstyr. Ein må difor rekna med ferdsle av landmålarar og båt langs delar av strekninga i løpet av denne perioden.

Varsel om oppstart av planarbeid. Detaljregulering FV 505 Frøyland bru.

I samsvar med plan - og bygningslova § 1 2 - 8 melder Statens vegvesen om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for ny Frøyland bru, og fortau langs fv. 505 Orstadvegen og Kvernelandsvegen i Time og Klepp kommuner.

Det blir arrangert ope informasjonsmøte 30.august kl 19.00 på Kverneland samfunnshus.

Det vil også bli høve for å uttale seg når forslag til reguleringsplan blir lagt ut på høyring/offentleg ettersyn.

Merknader kan sendast innan fristen 8. september til:

Statens vegvesen Region vest
Askedalen 4
6863 LEIKANGER

eller til: firmapost-vest@vegvesen.no 

Ver venleg og merk merknader med: « 16/97549 »

Brev frå Statens vegvesen, datert 29.06.17

Meir informasjon finn de her: www.vegvesen.no/fylkesveg/fv505froylandbru

Høyring - Lokal forskrift om avgrensing av spreieperiode for husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel

Kommunane i Jæren vannområde, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal,
Klepp, Time og Hå har utarbeida forslag til felles lokal forskrift om avgrensning av
spreieperiode for husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel.

Høyringsfristen er sett til 08.09.2017 og eventuelle merknader og kommentarar kan sendast til Jæren vannområde ved postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe 

Spørsmål kan rettast til Koordinator i Vannområde Jæren, Randi Storhaug, telefon 51429840, e-post randi.storhaug@klepp.kommune.no

Høyringsbrev 

Forslag til forskrift 

Konsekvensanalyse

Adresseliste

Høyring barnehagebruksplan Klepp kommune 2017-2025

Høyringsfrist: 15. juni 2017

Politisk behandling:
24.08.17 Hovudutval for skule og barnehage 
18.09.17 Klepp kommunestyre 

Brev høyring barnehagebruksplan 2017-2025.pdf

Barnehagebruksplan 2017-2025 høyringsutkast.pdf

Høyring - rett til opphald i sjukeheim

Høyringsfrist: 15. mai 2017

Innspel kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no

Forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim i Klepp kommune

Høyringsbrev - lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester

Høyring - Kommunedelplan fysisk aktivitet 

 Planprogram for kommunedelplan for fysisk akivitet

Kommuneplan - langsiktig grense jordvern - endring

Forslag til offentleg ettersyn

Det blir arrangert ope

Høyring; IKT-plan 2017-2022 for barnehage og skule

Høyringsfrist: 3.november 2017

Barnehage og skulen skal rusta barn og unge for framtida. Å ha digital kompetanse (som også omfattar digital dømekraft) vil vera ein føresetnad både i arbeidslivet og som samfunnsborgar.

Den nye ikt-planen for barnehagar og skular i Klepp omfattar tre hovudområde

  • mål og innhald for barn og unge si digitale læring
  • strategiar for kompetanse hos tilsette
  • utrulling og investering for maskinvare/læringsbrett 

Siktemålet med planen er å støtta opp om og gje vidare retning for satsinga på ikt og læringsbrett som går føre seg i etaten. Erfaringane frå både elevar, foreldre og tilsette er så langt i all hovudsak positive. Det er å håpa at denne ikt-planen sikrar kontinuitet i satsinga og på sikt gir barn og unge både meir motivasjon og meir læring.

Kommunalsjefen sender med dette planen ut på høyring. Vi ber styrar/rektor formidla planen til elevråd, FAU etc.

Send innspel til Sigurd Aukland

Høyringsutkast IKT-plan 2017-2022 for barnehage og skule