Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 overtek kommunane oppgåva med borgarleg vigsel.

Tidspunkt

I Klepp vil det vera ordførar, varaordførar og andre personar oppnemnt av kommunestyret som føretek vigselen. 

Seremonien vil finna stad i formannskapssalen i Klepp rådhus, fredagar i partalsveker mellom kl. 12.00 og 15.00.

Klepp kommune kan også tilby vigsel andre stader og til andre tidspunkt, men dette må avtalast i god tid (vanlegvis minst 2 månadar) på førehand.

Brudepar busette i andre kommunar enn Klepp kan også bli vigsla i Klepp. 

Betaling

Klepp kommune vil ikkje ta betaling for vigslar på annonserte dagar og i ordinært vigsellokale.

For vigslar til andre tidspunkt enn annonsert, eller i andre lokale enn ordinært vigsellokale, skal det betalast eit gebyr på kr 750,- pr. påbegynt time (vigsel/reisetid) til dekking av meirkostnader.

Dersom det unntaksvis skal gjennomførast vigslar utanfor Klepp kommune sine grenser, blir gebyret fastsett av rådmannen i kvart enkelt tilfelle, slik at gebyret dekker faktiske kostnader.

Erklæringar og attestar

Før vigselen må brudeparet sørga for at eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar er sende til folkeregisteret som skal bekrefta at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylte. Lenke til oversikt over skjema.

Folkeregisteret vil deretter skriva ut ein prøvingsattest som er gyldig i fire månadar. Denne må sendast til Klepp kommune v/ politisk sekretariat pb 25, 4358 Kleppe eller leverast i Rådhuset seinast to veker før vigselen. Alle spørsmål knytta til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Endeleg vigselattest vil bli ettersendt av folkeregisteret.

Kontakt

Ta kontakt med Klepp kommune på telefon 51429800 eller på e-post: vigsel@klepp.kommune.no for å avtala tid for borgarleg vigsel.

Frammøte

Brudepar, forlovarar og gjester må møta i Klepp rådhus 10 minutt før avtalt tid for vigsel. Det skal vera to vitne til stades under seremonien, som vil vara i 10 - 15 minutt.

Vigslar kan avbryta ein vigsel dersom det er tvil om vigselen kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.

Språk

Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølv sørga for tolk. Tolken må ha fylt 18 år, og ikkje vera i nær familie med brudeparet.