Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Sosiale tenester

Gi helse og velferdstenester til dei som treng det mest, og bygga på prinsippet om sosial utjamning.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:                                                                                                                  
    Alle vaksne innbyggarar i kommunen og barna deira. Alle flyktninga som kjem til kommunen gjennom avtale med IMDi og familiegjenforeiningar. 
  • Loven sitt formål:                                                                                                                                          Lov om sosiale tjenester i NAV §1: "Formålet med loven er å bedre levekårene for vanskeligstilte, bidra til sosial og økonomisk trygghet, herunder at den enkelte får mulighet til å leve og bo selvstendig, og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltakelse i samfunnet. Loven skal bidra til at utsatte barn og unge og deres familier får et helhetlig og samordnet tjenestetilbud. Loven skal bidra til likeverd og likestilling og forebygge sosiale problemer.
    Introduksjonsloven: Formålet med denne loven er å styrke nyankomne innvandreres mulighet for deltakelse i yrkes- og samfunnslivet, og deres økonomiske selvstendighet."
  • Kommunen sitt overorda mål:                                                                                                               NAV Klepp har som hovudutfordring å finna gode tiltak knytt til innføring av lovfesta aktivitetsplikt for vaksne under 25 år.
    NAV Klepp skal ha fokus på å tilby arbeidsledige oppfølging, og gjennomføra tiltak for å gjera overgangen til nytt arbeid kortast muleg.

Status

  • Flyktningtenesta er frå 01.09.15 lagt under ansvarsområdet til NAV-leier. Det er oppretta ei stilling som leiar for tenesta, og lagt til rette for eit meir målretta arbeid med mottak og integrering.
  • Flyktningetenesta har tilsett 4 nye medarbeidarar og kome i gang med å utvida introduksjonsprogrammet.
  • Flyktningtenesta har busett 30 flyktningar, og er i rute med å nå årets mål; å busetta 44, pluss familiegjenforeining.
  • NAV har god oversikt over ungdommar i målgruppa, men for mange er utan aktivitet og for lenge på sosialhjelp.
  • Det har det siste året vore ei kraftig auke i arbeidsledige i kommunen, men dette har nå flata ut. Pr haust 2016 har ein del vore ledige meir ein eitt år, og vil mista retten til dagpengar i 2017 viss dei ikkje får arbeid.
  • I avdeling psykisk helse og rus er erfaringskonsulentstillingar lønna på prosjektmidlar.
  • Oppbygging av ein rusteneste er godt i gang med Pluss 18 som hovudsakleg jobbar mot aldersgruppa 16-35 år, og samarbeider tett med NAV med fokus på aktivitet og arbeid.
  • Kommunen manglar ennå eit tilstrekkeleg ettervernstilbod.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Mottakere av kvalifiseringsstønad per 1000 innbyg 20-66 år 2,2 - 3

1,9

  Gjennomsnittlig utbetaling pr stønadsmånad 9632 - 7339 8411
Prioritering Nettodriftsutgifter til sosialtenesta pr innbygj 20-66 år 2333 - 3039 2264
  Netto driftsutgifter til råd, rettleing og sos.foreb arb pr innb 20-66 år 1005 1019 1053 576
Dekningsgrad Del av sosialhjelpsmottakarar i forhold til innbyggjarar 1,7 - 2,4 1,9
  Andel sosialhjelpsmottakarar 18-24 år, av innbyg 18-24 år 5,4% - 6,3% 5,7%
Enhetskostnader Brutto driftsutgifter pr. sosialhjelpsmottakar i kroner 88355 - 79993 76721
  Brutto driftsutgifter til økonomis sosialhjelp pr mottakar 46806 - 43710 47100
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenesta si rangering siste rapport 2016 330 268 390 375
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i hele mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr at Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Sosiale tjenester 0,6 -2,5 -10,4 -0,2
  Klepp har eit generelt lågt kostnadsnivå i forhold til Kostragruppe 7.
Sammenlikna med Time så ligg Klepp lågt på økonomisk sosialhjelp og sosialt forebyggande arbeid.

Organisering

Tenestene er i hovudsak organisert under tenesteområde helse og velferd.

Budsjettfordeling

Sosiale tenester R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Helse og velferd 25301 29042 26317 26317 26317 26317
Sentraladministrasjonen 4062 4536 4817 5117 5117 5117
Lokal utvikling 110 0 0 0 0 0
SUM 29473 33578 31134 31434 31434 31434
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Arbeidsmarknaden i regionen har høgare ledighetstal enn på mange år.
  • Relativt høge fråfallstal frå videregåande skule over tid.
  • Få flyktningar med overgang til arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet.
  • Eigna bustader.
  • Vedtatt auke i flyktningar med 12 pr år. 

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2017 Mål innen 2020
Redusera andel under 25 år som mottek sosialhjelp Statistikk  5,4 %  4,86%  4,05 % 
Andel flyktningar over i arbeid eller utdanning ved avslutning av introduksjonsprogrammet Statistikk  18 %  30 % 65 % 
Andel flyktningar i eiga eigd/leigd bustad etter 3 år Intern statistikk  - 30 % 70 % 

Kvalitative mål

  • Fullt utvikla introduksjonsprogram både når det gjeld omfang og kvalitet.
  • Utvikla metodar for god kvalitet i brukararbeid i NAV og flyktningtenesten.
  • Vidareutvikla NAV si samhandling med andre kommunale tenester for å bidra til heilskaplege og saumlause tenester.
  • Utvikla kommunale verkemiddel opp mot aktivitet for å gjera overgangen til arbeid kortere.
  • Implementera tilfriskning (recovery) i tenestene – Kva er viktig for meg?
  • Bygga opp rustenesta i samsvar med opptrappingplan frå regjering.
  • Fokus på arbeid og aktivitet og etablering av eit godt ettervern i rustenesta.

Virkemiddel

  • Laga eit system for kommunale arbeidstreningsplassar likt nabokommunar.
  • Bygga ein meir robust flyktningteneste med rett fagkompetanse.
  • Dialog med eksisterande brukerutval i kommunen og andre kommunar for å henta erfaringar inn i eige arbeid.
  • Utvikla og innføra systematisk arbeid for å få flyktningar over i eigne bustader i løpet av, eller kort tid etter introduksjonsprogrammet.