Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Pleie og omsorg

Ein brukarorientert og effektiv teneste, med høg kvalitet og med høg grad av trivsel for dei tilsette, og der velferdsteknologi vil vera ein del av tenestetilbodet.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe: 
    Personar med fysisk og psykisk funkjsonssvikt eller sjukdom som gjer at dei treng helsehjelp.
  • Loven sitt formål:
    Førebygga, behandla og tilrettelegga for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funkjsonsevne. Sikra at den enkelte får muligheit til å leva og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktiv og meingsfylt liv i fellesskap med andre. Sikra likeverd og kvalitet på tenestetilibodet.Vidare sikra samhandling og at tenestetilbodet er tilgjengeleg for brukar, samt at tilbodet er tilpassa den enkelte sitt behov. Tenestetilbodet skal tilrettelggast med respekt for den enkelte sin integritet og verdigheit, og bidra til at ressursane vert nytta best mulig.
  • Kommunen sitt overordna mål: 
    Målet er å gje effektive tenester med god kvalitet i samsvar med nasjonale føringar.

Status

  • Det er gjennomført effektivisering av tenesteområda, og fleire prosessar er sett i gang for å nå måla. Utfordringa er at ein får fleire nye ressurskrevjande brukarar. Nye brukarar og auka behov for tenester, gir utfordringar med tanke på å oppretthalda same kvalitet på tenesta.
  • Det er innvilga prosjektmidler. Målet for prosjektarbeidet er tenesteinnovasjon for å sikra god kvalitet på tenesta.
  • Det er behov for fleire plassar på aktivitetssenter/dagsenter for å oppratthalda målsettinga om Lågast mulig Effektiv OmsorgsNivå /(LEON – prinsippet).
  • For å sikra god kvalitet  på tenesta, er ein avhengig av høg nærværsprosent. Nokre avdelingar har utfordringar med høgt sjukefråvær. Det er sett i gang nærværstiltak.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel plassar i brukertilpassa einerom m/eget bad/wc 100% 82% 91,9% 100%
  Fysioterepitimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,4 0,45 0,33 0,5
Prioritering Nettodriftsutgifter pleie og omsorg per innbygj 67 år 106674 118919 117797 120329
  Nettodriftsutgifter pr innbygj i kroner, pleie og omsorg 11308 13427 12749 13055
Dekningsgrad Del av innbyggjarar 67 år og over som er bebuar på institusjon 3,4% 4% 4,4% 5,4%
  Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb 0 år og oppover 350

398

378 414
Enhetskostnader Korrigerte brutto driftsutg pr mottakarar av heimetenester( i kr ) 279186 224015 257604 224474
  Korrigerte brutto driftsutg, institusjon pr kommunalplass 1099545 1044849 1233894 1109164
Rangeringar Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2016 (område eldreomsorg) 44 156 166 145
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i hele mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Pleie og omsorg 35,5 20,2 -5,4 -5,7
  Sammenlikna med snitt for Kostragruppe 7 har Klepp eit stort innsparingspotensial på institusjon. Klepp har høg einingskostnad per bebuar i institusjon pga lågt belegg, men låg andel bebuarar i institusjon i forhold til folketal. Det er også eit innsparingspotensial på heimetenester for innbyggjarar under 67 år.
Sammenlikna med Time og Hå hadde Klepp lågare utgifter til institusjon og høgare til heimetenester. Totalt sett ligg Klepp med lågare forbruk enn Time og Hå.

Organisering

Tenestene er i hovudsak organisert under etat for helse og velferd.

Budsjettfordeling

Pleie og omsorg R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Helse og velferd 194343 202512 209705 209705 209705 209705
Lokal utvikling 2549 2675 3031 3031 3031 3031
SUM 196891 205187 212736 212736 212736 212736
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Rekruttera og behalda god fagkompetanse. Det er færre søkjarar med rett kompetanse til stillingane innan omsorg.
  • Teknologi vil bli ein av bærebjelkane i framtida si omsorgsteneste. Nye IKT- løysingar stiller store krav til kompetanse og tenesteinnovasjon.
  • Auke i tal på eldre vil medføra at fleire får demens sidan førekomst av demens aukar med høgare alder. Samstundes er personar med demenssjukdom ei samansett gruppe med spenn i alder, livsstil og sjukdomsbilete. Dette stiller krav til kompetanse og eit godt tilrettelagt tenestetilbod, samt tilstrekkelig tal på plassar i aktivitetssenter.
  • Miljøtenesta er ei verksemd som er i stadig utvikling. Det er vekst i tal på brukarar med auka hjelpebehov i form av nødvendig helsehjelp og tilrettelagde miljøtiltak.
  • Eldre med psykiske lidingar og som har behov for forsterka skjermingsplassar, stiller nye krav til tenestetilbodet.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2017 Mål innen 2020
Pasientar frå SUS som kommunen ikkje tar i mot innan frist. Statistikk 14 liggedøgn 8 ligge døgn 8 liggedøgn
Antall innbyggjarar over 80 år som er på institusjon Kostra statistikk 11,3% 11% 11% 
Ei brukarorientert og effektiv teneste, med høg kvalitet og med høg grad av trivsel for dei tilsette.  Tal på undersøkingar 4,7 4,9 5,0
Nærværsprosent  Visma, Hrm 89,9% 94% 94%

Kvalitative mål

  • Ha tenestetilbod med gjennomgåande fokus på meistring og rehabilitering.
  • Ta i bruk ny velferdsteknologi som både kan gje større tryggleik, betra evne til meistring og tilgang på informasjon og rettleiing.
  • Ta i bruk nye arbeidsmetoder innafor demensomsorga.
  • Gode rutinar for tverrfagleg samarbeid, samt rekruttera og behalda fagfolk i framtida.
  • Myndiggjorte medarbeidarar som tar ansvar, er sjølvstendige og faglig dyktige.

Virkemiddel

  • Delta i nettverk for gode pasientforløp.
  • Gode samarbeidsrutinar med pårørande og spesialisthelsetenesta.
  • Gi opplæring til tilsette innan fagområdet velferdsteknologi.
  • Prosjekt demens, bygga kompetanseteam i heimetenesta.
  • Nytta ulike brukergrupper aktivt i utviklinga av tenestene.
  • Utarbeida kompetanseplanar på kvar avdeling som er i tråd med Taktskifte.
  • Jobba systematisk med nærværsarbeidet og trivsel blant dei tilsette.

Betalingssatsar

Alle satsar har ein auke på 2,2 % 
Heimehjelp/praktisk bistand og opplæring/brukarstyrt personleg assistent
Praktisk bistand Intill 2G 2G - 3G 3G-4G 4G-5G 5G-6G Over 6G
Betalingstak/månad 200 1737 2005 2331 2929 3474
Inntil 2g blir regulert av stat. Resterande ein auke på 2,2 %
Pris pr. time 200 282 307 347 409 409
Inntil 2g blir regulert av stat. Resterande ein auke på 2,2 %

Samla inntekt i husstanden er lagt til grunn for betaling

Trygghetsalarm

Leige av mobil trygghetsalarm kr 327,- pr mnd
Leige av analog trygghetsalarm kr 283,- pr mnd

Mat for leigetakarar på pensjonatet

Tørrmat, middag og dessert kr 4 180,- pr mnd

Matombringing

Middag og dessert levert heim kr 110,- pr måltid

Vaskeriteneste

Vask av privattøy på Kleppheimen kr 263,- pr månad
Dagopphald
Dagtilbod frå aktivitetssenter, inkl frukost og middag kr 142
Dagtilbod frå aktivitetssenter, inkl frukost, middag og skyss kr 175
Dagtilbod frå dagsenter for personar med utviklingshemming kr 380 pr mnd
Ferietur med personal for personar med utviklingshemming kr 386 pr døgn
Kortidsopphald/rehabiliteringsopphald
Kr 155,- pr døgn inntil 60 døgn pr kalenderår. 
Over 60 døgn pr kalenderår som for langtidsopphald i bustad/institusjon med heildøgns omsorgstenester.
Dag eller natt opphald kr 80,-
Desse satsane er stalege og blir oppdaterte når nye satsar kjem på nyåret.