Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Næring

Leggja til rette for etablering og utvikling av nye arbeidsplassar i kommunen.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Næringsdrivande, sysseltsette og innbyggjarar i Klepp kommune samt framtidige generasjonar som er påverka av arealbruken i kommunen.
  • Målsettingar:
    • Å leggja tilhøva til rette slik at arealressursane kan verta brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet.
    • Vera blant dei beste på rask saksbehandling for næringsdrivande.
    • Sikra landbruksjord som grunnlag for eksisterande og auka matproduksjon og samstundes ta vare på natur, miljø og kulturlandskapet.

Status

  • Uvisse kring sysselsettingsutviklinga og arbeidsinnvandring. Ledighetstala for Klepp viser at andel heilt ledige har auka frå 2,1% til 4,4% frå januar 2015 til januar 2016.
  • Per 2016 er det registrert ca. 2000 verksemder og cirka 8000 sysselsette i kommunen.
  • Fordeling av arbeidsplassar pr sektor i Klepp

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutg. til tilrettelegging og bistand næringslivet i % av totalt. 0,2%   0,1% 0,2%  0,0% 
  Netto driftsutg. til landbruksforvaltning 141  117  148  150 
NæringsNM Rangering Nærings NM 2016 (NHO) 18 130 24 59
I NHOs Nærings-NM, som er ei årleg rangering av næringslivet i kommunane utarbeida av Telemarksforskning, viser at Klepp næringsliv har gjort det bra i ei årrekke. I 2016 blei Klepp kåra som nummer 18 av alle kommunar i Noreg.
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i heile mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr at Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Næringsforv. og konsesjonskraft 1,7 0,4 -3,1 1,3
Klepp har omlag 26 millionar i utbytte frå kraftselskapa og netto inntekt omlag som Time og Hå og snitt for gruppa. Klepp bruker omlag 2,7 millionar til landbruksforvaltning.  Dette er omlag som i Time og Hå og i samsvar med landbruket si stilling på Jæren.

Organisering

Tenesta retta mot areal og landbruk er organisert under etat for lokal utvikling. Anna tilrettelegging for næringslivet samt kontakt mot samarbeidsorganisasjonane på næringsområdet er organisert i sentraladministrasjonen. 

Budsjettfordeling

Næring R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Sentraladministrasjonen 0 1520 1648 1648 1528 1528
Lokal utvikling 3486 2259 2262 2262 2262 2262
SUM 3486 3779 3910 3910 3790 3790
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Redusert aktivitet innafor petroleumsrelaterte næringar gir negative konsekvensar for næringslivet i Klepp og regionen.
  • Kommunen har ein viktig posisjon som den største sysselsettaren i Klepp, og som planmyndigheit og arealforvaltar. Av den grunn har også kommunen ei sentral rolle i utviklinga av det lokale næringslivet.  
  • Saksbehandlingstid i landbruksavdelinga - spesielt i krevjande bruksrasjonaliseringssaker.
  • Avklara korleis næringsarbeidet skal organiserast og prioriterast dei neste åra.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2017 Mål innen 2020
Alle søknader som skal vidare til Landbruksdirektoratet skal behandlast og vidaresendast av kommunen innan oppsette fristar. Tal saker som er ubehandla over frist   0 0

Kvalitative mål

  • God kontakt med næringsdrivande, næringsforening, Greater Stavanger og andre organisasjonar som er viktige for å utvikla eit variert og godt næringsliv og høg sysselsetting.
  • Redusera forvaltningsmessige feil og feil saks- og søknadsbehandling etter lov- og regelverk.
  • Sikra at saksbehandlingsfristar vert etterlevd.

Virkemiddel

  • Gode, raske og riktige saksbehandlingsrutinar.
  • God kontakt mellom kommunal leiing og aktørane i næringslivet.

Betalingssatsar 

Betalingssatsar
Type 2016 2017
Delingssaker etter jordlova 2000 2000
Konsesjonssaker - adm behandling 1875 1875
Konsesjonssaker - politisk behandling 5000 5000