Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kultur og idrett

Kommunen driv eigne kulturtiltak og samarbeider aktivt med mange private om kultur- og fritidstilbod. Kommunen sine faste tiltak er i hovudsak retta inn mot barn og unge.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Alle innbyggjarar. Særleg vekt på barn og unge, samt tilrettelegging innan område med særlege behov for innsats.
  • Lovens formål
    • Kulturlova: å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
    • Biblioteklova: Folkebibliotekene skal fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.
    • Opplæringslova: § 13-6.Musikk- og kulturskoletilbod
      Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.
  • Kommunale mål:
    • Kultur- og fritidstilbod med breidde og kvalitet. Gode tilgjengelege møteplassar. Høg deltaking. 
    • Gi tilpassa opplæring innan musikk- og kulturfag til alle barn og unge som ønsker det i Klepp kommune. Kulturskulen skal vera eit ressurssenter i kommunen.

Status

  • Utbygging og utviding av biblioteket pågår.
  • Idrettskonsulent tilsett i 50 % stilling ut 2017.
  • Tu gamle skule er tatt i bruk til kulturføremål.
  • Vekst i aktivitet og tal på frivillige ved frivilligsentralen.
  • Generelt god oppslutning om kulturarrangement.
  • God oppslutning om kulturskulen. Kulturskulen har om lag 420 elevplassar delt på 370 elevar. Venteliste på 116 elevar. Det er vedtatt å danna eit korpsråd.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Besøk i folkebibliotek per innbyggar 3,6 3,8 4,8 9,5
  Utlån alle medier frå folkebibliotek per innbyggar 5,9 4,1 4,5 9,6
  Årleg totalt besøk i kommunalt drivne fritidssenter per 1000 innb. 6-20 år 1424 - 467 1589
Prioritering Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbyggar i kroner 1499 1471 1790 1914
  Netto driftsutgifter til aktivitetstilbud barn og unge per innbyggar 6-18 år 1351 972 1352 1180
  Netto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per. innb. 6-15 år 1613 2096 2261 1944
Dekningsgrad Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 10,2 13,6 15,6 12,7
Enhetskostnader/ produktivitet Brutto driftsutgifter til bibliotek (f370) per innbyggar 253 257 357 331
  Korr. brutto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per brukar 18394 16873 16557 17513
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenestens rangering siste rapport 2016 (Område kultur) 233 311 161 71
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i hele mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr at Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Kultur og idrett 7,8 1,5 -5,5 -7,9
  Klepp har eit moderat innsparingspotensial på 1,5 mill i høve til Kostragruppe 7, men har lågare kostnader enn Time og Hå.
På idrett (og symjeanlegg) ligg Klepp 2,2 og 0,9 mill høgare enn Time og Hå, og justert for avskrivingar ligg Klepp 3,4 mill høgare enn Time og omtrent likt med Hå.
På bibliotek og kulturskule ligg Klepp 3,6 og 1,7 mill lågare enn Time og Hå.
Hå har også høgare kostnader til Kunstformidling, kulturbygg, andre kulturaktivitetar og tilskot til andre kulturbygg. Time skil seg ut med høge kostnader til kommunale kulturbygg.

Organisering

Tenesta er i hovudsak organisert under etat for lokal utvikling. Kulturskulen er organisert under etat for skule og barnehage.

Budsjettfordeling

Kultur og idrett R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Lokal utvikling 14651 14935 15408 15008 15008 15008
Sentraladministrasjonen 467 0 0 0 0 0
Skule og barnehage 4545 5000 5108 5108 4858 4858
Helse og velferd 607 871 916 916 916 916
SUM 20270 20806 21432 21032 20782 20782
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Klepp manglar eit eigna bygg til kulturføremål i sentrum.
  • Talet på medlemmer i idretten er lågare enn i nabokommunar.
  • Rekruttering og oppslutning om skulekorps og kor er for lågt.
  • Biblioteket treng utviding, oppussing og må bli meir tilgjengelig for innbyggjarane.
  • Romkapasitet/lokale ved kulturskulen.
  • Gjennomføring av ny rammeplan for kulturskulen.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2017 Mål innen 2020
Auka oppslutning i frivillige lag og organisasjonar, særleg blant barn og unge Statistikk og medlemstal i søknad om driftstilskot Idrett 4510
Musikk 347
Andre 3232
Totalt 8089
Idrett 4735
Musikk 375

Totalt 9700
Auka mangfald og tal på kvalitetsarrangement Komunale tal  

5% Fleire arrangement
8% større arrangments-mangfald

20%
Auke i elevtal kulturskule Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 10,2%

12,5%

15%

Kvalitative mål

  • Auka deltaking i organisert aktivitet og på arrangement blant befolkningsgrupper som elles deltar lite.
  • Kulturskulen sitt tilbod er mangfaldig og i samsvar med etterspurnad. Auka variasjon når det gjeld opplæringstilbod.
    • Ressurssenter for barn og unge innan kunst og kulturfag.
    • Kvalitetsundervisning tilpassa kvar einskild elev.
  • Auka mangfald og tal på kvalitetsarrangement.
  • Utgreia behov og program for eit sentralt kulturbygg i Kleppe.
  • Gjera Klepphistoria kjent.
  • Gjennomføra arrangement: Sommarkultur, verdenslandsbyen Klepp, fullmånekonsertar, UKM m.m.
  • Auka tilgjengelighet og bruk av lokale til kultur og fritidsføremål.

Virkemiddel

  • Prosjektsamarbeid Folkepulsen
  • Idrettskonsulent
  • Forbetra marknadsføring
  • Prosjekt for å styrka opplæring i og rekruttering til skulekorps
  • Fritidskonsulent-ressursar for å styrka Tu gml skule som møteplass
  • Utvida og meirope bibliotek
  • Gjennomføra ny rammeplan for kulturskulen
  • Elev/føresetteundersøkingar ved kulturskulen

Betalingssatsar 

Symjehallen (Klepphallen) 2016 2017
Barn 30 30
Vaksne 50 55
Klippekort barn (18 klipp) 400 400
Klippekort vaksne (10 klipp) 400 440
Kulturskule Sats pr. semester frå 01.08.2016 Sats pr. semester frå 01.08.2017
Instrumentopplæring/song (einetimar) 1610 1645
Gruppeopplæring (dans, kunstfag, drama) 1440 1470
Instrumentleige og materialutgift kunstfag 330 335