Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Grunnskule

I løpet av planperioden er målet å ha forbetra elevane sitt utbytte av opplæringa. Talet på elevar som blir mobba, er redusert.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Elevane i skulen og deira føresette 
  • Føremål i Opplæringslova:
    § 1-1. Formålet med opplæringa
    Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.
    Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
    Opplæringa skal bidra til å utvida kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.
    Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og visa respekt for den einskilde si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
    Elevane og lærlingane skal utvikla kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistra liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong.
    Elevane og lærlingane skal læra å tenkja kritisk og handla etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
    Skulen og lærebedrifta skal møta elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.
  • Kommunale mål:
    Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn og elevar:
    • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
    • Framleis vektlegga dei grunnleggande kunnskapane.
    • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
    • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til mobbing og mobbesaker.

Status

  • Jærskulen sine to hovudmål om å betra læringsresultata og få til betre rekruttering er også Klepp kommune sine mål. Måla er konkretiserte i alle skulane sine handlingsplanar. Analyser om ståstad ligg til grunn for skulane sine utviklingsområde. Rekrutteringssituasjonen er betra. 
  • Klepp har lege blant toppkommunane i Rogaland i forhold til å satsa på «Kompetanse for kvalitet». Forventinga er at dette over tid vil syna att på elevane si læring. 
  • Når minoritetsspråklege elevar har hatt ca. 1 år i språkstasjonen, går dei inn i vanleg klasse på skulane. Det er krevjande å få gitt desse ei god nok opplæring med nåverande ressursar. Ei ekstra stilling frå flyktningemidlane blir tildelt dei skulane som har flyktningar med størst lærautfordringar. 
  • Jærskulen reviderer nå planen for både førebyggande arbeid mot mobbing og handlingsplanen for når mobbing blir varsla eller observert. Klepp lanserte "Partnarskap mot mobbing" saman med Hå kommune ved skulestart. Det famnar om FAU, elevråd og fagorganisasjonar.

Tal på elevar

Tal på elevar i skulen
  2015 2016 2017 2018 2019 2020
Elevar i skulen 2723 2716 2731 2814 2825 2838

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorar Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Lærartettleik ordinær undervisning, 1.-10. tr. (elev pr. lærar) 15   18,0 15,3
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-10. trinn 12,7 14,2  14,5  12,7 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-4. trinn 12,9 14,2  14,5  13,2 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 5.-7. trinn 13,3 13,8  13,7  11,5 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 8.-10. trinn  12,0 14,6  15,2  13,4 
  Lærartettleik viser tal berre for off. skular        
Einingskostnader Korr. brutto driftsutg. skulesektor (202,215,222,223), pr. elev 110055 108306 104923 110409
Rangeringer Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2016 205 216 59 350
Teoretisk innsparingspotensiale samanlikna med 
(Tal i hele mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Grunnskule 16,9 6,6 9,6 22,4
  Klepp har høg lærartettleik i forhold til Kostragruppe 7 og Time. Årsak er språkdeling og satsing for å betra skulekvailteten. Fylkesmannen har berekna meirkostnad for språkdeling til om lag 5 mill.
Samanlikning med Hå er lite relevant pga. høg andel barn i privat skule og låge avskrivingar.

Organisering

Tenesta er organisert under etat for skule og barnehage.

Budsjettfordeling

Grunnskule R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Skule og barnehage 227446 236030 235215 235165 235115 234435
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Gje spesialundervisning tidlegare og meir målretta
  • Ressursar til opplæring for minoritetselevar når dei er ferdige på språkstasjonen.
  • Å gje ei opplæring tilpassa kvar enkelt elev, slik at dei får meistring og læring. Det er det som til slutt vil gje gode resultat og måloppnåing.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Siste resultat Mål for 2017 Mål innan 2020
 Grunnskulepoeng  Karakter alle faga  40,0  41,0  41,5
 Eksamen norsk  Karakter i hovudmål  3,4  3,5  3,6
 Eksamen matematikk  Karakter eksamen  3,5  3,5  3,6
 0 mobbesaker  0  29  20  0
Kommentar: Grunnskulepoeng: snitt for landet er 41,2, norsk hovudmål er 3,5 og matematikk er 3,3.

Kvalitative mål

  • Styrka fagleg kompetanse.
  • Gje læring og meistring til kvar elev ut frå sine føresetnader.
  • Betra tilbodet til minoritetsspråklege elevar.

Virkemiddel

  • Jærskulesamarbeidet.
  • Skulane sine eigne analysar og handlingsplanar.
  • Sterk satsing på «Kompetanse for kvalitet».
  • Involvera tilsette, leiarar og Jærskulen i forbetringsarbeid for minoritetsspråklege elevar.

Betalingssatsar 

Betalingssatsar SFO
  Sats pr. mnd. frå 01.08.2016 Sats pr. mnd. frå 01.08.2017
Opphald    
5 dagar pr. veke 2730 2790
3 dagar pr. veke 1660 1695
Tillegg morgontilbod 350 355
Matpengar 210/130 215/130
For SFO betaler ein 11 månader, juli er betalingsfri.