Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Brann og ulykkesvern

Klepp kommune sine oppgåver innan brann- og ulykkesvern blir ivaretekne av Rogaland Brann og Redning IKS (RBR)

Formål og målgruppe

  • Målguppe: 
    Alle innbyggjarar i kommunen.
  • Lov om brann og eksplosjonsvern har følgande føremålsparagraf:
    "Loven har som formål å verne liv, helse, miljø og materielle verdier mot brann og eksplosjon, mot ulykker med farlig stoff og farlig gods og andre akutte ulykker, samt uønskede tilsiktede hendelser"

Status

  • RBR driv brannstasjon på Kleppe med deltidsmannskap i 4 vaktlag.
  • Frå 2017 vil Time brannstasjon bli etablert med dagkasernert mannskap. I tillegg er det døgnkasernert mannskap på hovudbrannstasjonen i Sandnes.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Årsgebyr for feiing og tilsyn (gjelder rapporteringsåret +1) 292 393 232 237
Prioritering Netto driftsutgifter pr innb. 313 568 298 382
  Antall utrykningar til brannar og andre utrykningar pr 1000 innb 1,3 - 1,3 0,4
  Antall bygningsbrannar pr 1000 innb 0,11 0,55 0 0,11
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i hele mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr at Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Brann og ulykkesvern -2,5 -4,4 0,3 -0,8
  Klepp har lågast kostnadsnivå i Kostragruppe 7.

Organisering

Alle Klepp kommune sine oppgåver innan brann- og feiarvesenet er delegert til Rogaland Brann og Redning IKS.

Budsjettfordeling

Brann og ulykkesvern R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Lokal utvikling 5825 6150 8281 9679 11119 12560
VAR 110 90 0 0 0 0
SUM 5934 6240 8281 9679 11119 12560
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Auke i tilskotet til Rogaland brann og redning IKS.  
  • Ny hovudbrannstasjon vil etter planen bli teken i bruk fra 1.4.2017. Frå same tidspunkt fell leigeutgifter for stasjonen på Forus, Åsen feierbad og stasjonen på Sandved bort.
  • Frå 1.1.2017 aukar leigeutgiftene etter ombygging av stasjonen på Bryne for dagkasernering. Sum auka husleige utgjer kr 9,4 mill for eigarkommunane.
  • Samlokalisering av 110-sentralane.
  • Budsjett for drift brannvesenet blir auka med 4,5%. Dette for å finansiera av lønsoppgjer, dagkasernering Bryne samt styrking beredskap med dagkasernering Stavanger frå 1.9.2017.
  • Miljøretta helsevern blir styrka med 3% som er lågare enn styret sitt forslag, men dekker lønns- og prisvekst.
  • Skjenkekontrollen blir rekna ift tal på kontrollar, auken på kr 155.00 er i samsvar med styret sitt forslag.
  • Samla blir tilskotet frå eigerkommunane auka med kr 19,1 mill (8,5%).

Kvalitative mål

  • RBR IKS har som føremål å dekka alle kommunen sine plikter, oppgåver og behov i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven, herunder:
    • ulykkes- og katastrofesituasjonar som brann, redning, drukning, akutt forureining og urban redning samt nødalarmtenester (110)
    • feiing og tilsyn med fyringsanlegg
    • aktivt arbeide med forebyggande tiltak mot brann og ulykker
    • aktivt søke å selja tenester knytta til forebyggande og beredskapsrelaterte tenester 

Betalingssatsar 

Feiing og tilsyn 2015 2016 2017 inkl mva
Feie- og tilsynsgebyr 280,00 292,00 298,00 372,00