Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnevern

Nytta kompetanse og ressursar på tvers av seksjonar, profesjonar og fagsektorar. Eit mål er å jobba aktivt ut mot skular og barnehagar for å senka terskelen i høve til å melde saker til barneverntenesta.

Formål og målgruppe

  • Målgruppe
    Lova rettar seg mot alle barn under 18 år som bur og oppheld seg i kommunen.
    Dersom barnet har mottatt tiltak før fylte 18 år og samtykker til vidare hjelp, kan tiltak videreførast inntil fylte 23 år.
  • Føremål i lov om barnevernstenester §1-1:
    Å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
  • Kommunen sitt overordna mål for tenesta
    Barneverntenesta har som hovudmål å identifisera og avdekka omsorgssvikt og atferdsvanskar på eit tidleg stadium, slik at minst muleg inngripande tiltak kan avhjelpa dei vanskane som barn/familiar står i.

Status

  • Stor arbeidsmengd på saksbehandlarane i barnevernet
  • Overgangsbustader for unge som treng butrening eller oppfølging før dei kan busetta seg i eigen bustad. Driftsmodell som gir auka samhandling mellom tenestene.
  • Felles tiltaksavdeling med Time og Hå starta opp hausten 2016.
  • Vi prøver nå ei omorganisering av barnevernet, deler barneverntjenesta i 2 team, eit for mottak og undersøking og eit for oppfølging og tiltak. I tillegg overfører vi 2,33 stilling til ei felles tiltaksavdeling for Klepp, Hå og Time, drive av Time kommune. Vi håper at dette skal vera med på å effektivisera tjenesta og auka kvaliteten.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Del av undersøkingar i barnevern med behandlingstid over tre månader 24% 16% 8% 21%
  Stillingar med fagutdanning i barnevern per 1000 barn 0-17år 2,3 3,6 3,3 2,4
Prioritering

Netto driftsutgifter pr. innbyggar 0 – 17 år 

6288 7678 7037 5424
 

Andel netto driftsutgifter til saksbehandling 

18,5% 27,1%  31,4% 18,6%
Dekningsgrad Del av barn med barnevernstiltak ift. Innbyggjarar 0-17 år 3,7 - 5,2 4,5
 

Andel barn med meldinger 0-5 år 

3,8% - 5% 4%
Enhetskostnader Brutto driftsutg per barn som er plassert av barnevernet (funksj 252) 350667 - 370017 305458
  Brutto driftsutgifter pr barn som mottar hjelpetiltak 61721 - 16930 28963
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenesten si rangering, siste rapport 2016 317 167 138 295
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med 
(Tal i heile mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr at Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Barnevern 0,7 -9,6 -8,1 2,3
  Klepp har eit generelt lågt kostnadsnivå i forhold til Kostragruppe 7 og Time.
Hå ligg enda lågare.

Organisering

Tenestene er organisert under tenesteområde helse og velferd.

Budsjettfordeling

Barnevern R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Helse og velferd 30376 29278 29492 29492 29492 29492
Lokal utvikling 220 0 0 0 0 0
SUM 30596 29278 29492 29492 29492 29492
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Står overfor store strukturelle endringar – oppgaveforskyving mellom stat og kommune. 
  • Utvikla og etablera gode tiltak i forhold til familier med ein anna kulturell bakgrunn.
  • Høgare meldeprosent

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2017 Mål innen 2020
Halda meldingsfristar Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering  98%  100%  100%
Halda fristar i undersøkingssaker Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering   76% 100%  100% 
Alle barn skal ha aktive tiltaksplanar  Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering  77% 100%   100%
Alle fosterbarn skal ha oppfølging i tråd med myndighetskrav  Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering   83% 100%  100% 

Kvalitative mål

  • Alle barn over 7 år skal ha høve til å uttala seg i eiga sak.
  • Det skal gjennomførast ei brukarundersøking i tenesta.
  • Barneverntenesta skal jobba aktivt for å auka bruk av familieråd som metode.
  • Barneverntenesta skal jobba aktivt ut mot skular og barnehagar for å senka terskelen i høve til å melda saker til barneverntenesta.
  • Få på plass gode, tverrfaglege tiltakskjeder i kommunen.

Virkemiddel

  • Oppretta eit eige undersøkingsteam.
  • Styrka kompetanse i høve til samtalar med barn.
  • Sikra at vi har personell som kan gjennomføra kartleggingsintervju.
  • Gode internkontrollrutinar.
  • Brukarundersøking.
  • Sikra kompetanse i bruk av metoden familieråd.