Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnehage

Kommunen vil oppnå tidleg oppdaging og tidleg hjelp. Eit viktig kvalitetsmål er å oppnå ei dekning på 50 % barnehagelærarar.

Formål og målgruppe

  • Målgruppa: 
    barn i førskulealder i Klepp kommune
  • Føremål i barnehagelova: § 1.Formål (Lov om barnehager) 
    «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
  • Kommunale mål
    Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for barn og elevar
    • Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos barn og elevar og å setja inn tiltak tidlegast råd.
    • Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
    • Prioritera ressursar på tidleg opplæring, særleg for barn/unge med fleirkulturell bakgrunn.

Status

  • Verkemidla for å få fleire barnehagelærarar har hatt effekt. Det er no stort sett barnehagelærarar i alle pedagogstillingane. Nokre barnehagar er og på veg til å auka pedagogandelen. 
  • 17,5 stillingar i barnehagane er øyremerka spesialpedagogisk hjelp og anna ekstra hjelp barn i barnehagealder har behov for.
  • Klepp kommune har ei stilling som er prioritert norskopplæring for barn med fleirkulturell bakgrunn. Store deler av denne stillinga er finansiert av staten.

Tal på barn i barnehage

Tal på barn i barnehage
  2015 2016 2017 2018 2019 2020
Barn i barnehagane i Klepp  1321 1275 1260 1240 1250 1295

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorar Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Del tilsette med barnehageutdanning 31,1 33,6 33,2 29
  Del tilsette med bhg. utd. kommunale 32,8   32 29,4
  Del tilsette med bhg. utd. private 27,5   34,6 27,1
  Del tilsette barne og ungd.arbeidarar 18   12,2 17
  Del tilsette barne og ungd.arb. kommunale 19,7   13,8 18,4
  Del tilsette barne og ungd.arb. private 14,5   10,3 10
Dekningsgrad Del barn 1-5 år med barnehageplass 92,8 89,9 86,8  81
  Del minoritetsspr.barn i barneh. i forhold til innvandrarbarn 1-5 år 73,2 70,4 64,9 67,9
Einingskostnader Korr. brutto driftsutgifter i kr pr. barn i komm. bhg. 161554 165831 173097 160918
  Korr. brutto driftsutgifter i kr pr. barn i komm. bhg. per korr. opph.time (kr) 54 55 57 57
Rangeringer Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2016 377 308 407 420

Klepp kommune kjem på 377 plass og det kjem bl.anna av:
1) Leike og opphaldsarealet (inne) til Klepp er ca. på gjennomsnittet, men mange små kommunar har svært store areal og derfor kjem Klepp dårleg ut på det punktet.
2) Fagutdanning: Klepp ligg framleis under gjennomsnittet, men jobbar stadig med å auka kompetansen til dei tilsette.

Teoretisk innsparingspotensiale samanlikna med 
(Tal i heile mill og korrigert for feilføringar. Negative tal betyr Klepp har lågare kostnader)
Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
  Barnehage 9,4 -0,6 6,7 10,7
  Klepp har høg del av barn i barnehage samanlikna med Kostragruppe 7, Time og Hå. Einingskostnad pr. barn i barnehage og opphaldstime er låg. 
Justert for del av barn i barnehage var Klepp om lag 6 mill billigare enn snitt for Kostragruppe 7, 5 mill billigare enn Time og 13 mill billigare enn Hå.

Organisering

Barnehagane er organisert under etat for skule og barnehage.

Budsjettfordeling

Barnehage R2015 B2016 B2017 B2018 B2019 B2020
Skule og barnehage 163303 172648 173896 174646 175396 176146
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Til ei kvar tid ha nok kvalifisert personale.
  • Nok ressursar til å gje god og tidleg hjelp innafor både pedagogisk-, omsorg- og helsemessige område.
  • Fanga opp fleirspråklege barn som ikkje går i barnehage.
  • Ha gode barnehagebygg som er eigna til formålet.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Siste resultat Mål for 2017 Mål innan 2020
Auke den formelle kompetansen for personalet i barnehagane Del barnehagelærarar  32,8 %  40 %  50 %
  Del barne- og ungdomsarbeidarar (evt. anna relevant utdanning)  19,7 %  30 %  50 %
Halda fram med høg dekningsgrad Dekningsgrad 1-5 år  92,8 %  93,5 %  95 %
  Dekningsgrad minoirtetsspråklege barn 1-5 år  73,2 %  85 %  95 %

Kvalitative mål

  • Tidleg innsats
  •  Meir læring for alle
    • Livskompetanse og danning
    • Leik
    • Undring, utforsking og magi

Virkemiddel

  • Kvantitative målsettingar
    • Vidareføra ei stipendordning for å motivera personalet i barnehagane til å ta barnehagelærarutdanning.
    • Legge til rette for at dei som er i stillingar, kan ta fagbrev som barne og ungdomsarbeidarar.
    • Saman med helsestasjonen kontakta dei familiane med fleirspråklege barn som ikkje nyttar barnehage. 
  • Kvantitative målsettingar
    • Auka ressursar til å gje barn med ekstra behov hjelp innafor alle utviklingsområdar, samstundes sikra at alle får god omsorg.
    • Etaten sin kompetanseplan som inneheld ei vidare satsing på «Være saman» og «Marte Meo»
    • Barnehagane sine utviklingsplanar som bygger på den overordna «Plan for kvalitetsutvikling 2016-19», barnehagane sine ståstadsananlysar, foreldreundersøkingar og samtalar med barna.

Betalingssatsar

Betalingssatsar barnehage
  Sats pr. mnd. frå 01.08.2016 Sats pr. mnd. frå 01.01.2017
Opphald    
5 dagar pr. veke 2920  makspris

Makspris blir vedtatt av Stortinget.
For barnehageopphald betaler ein 10 månader, juli og august er betalingsfrie.
Nasjonal makspris 2016 er 2.655 kr/mnd ved 11 mnd betaling. Klepp brukar 2.920 kr/mnd og 10 mnd betaling.
Klepp kommune følger dei nasjonalt vedtekne moderasjonsordningane.

4 dagar pr. veke 2496  85,5 % av makspris
Prisen på delte plassar er %vis høgare, pga. høgare kostnader ved delte plassar.
3 dagar pr. veke 2060  70,6 % av makspris
2 dagar pr. veke 1624  55,6 % av makspris
Matpengar    
5 dagar pr. veke 300 307
4 dagar pr. veke 240 245
3 dagar pr. veke 180 184
2 dagar pr. veke 120 123