Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Prognose folketalsutvikling

Folketalsvekst og prognose Klepp 2000-2020

Folketalsvekst Klepp 2000-2020Folkeveksten er redusert dei siste åra.  Det er spesielt innflyttinga som er lågare, men og fødselsoverskotet er redusert.

Folketal totalt

Folketal totalt

Antal barn 0 år

Antal barn 0 årAntal fødslar i Klepp har minka dei siste åra. Det er venta ny auke i planperioden.

Antal barn i alder 1-5 år

Antal barn 1-5 årDei ulike framskrivingane viser at det mest sannsynleg vert ein nedgang i antal barn i barnehagealder.  Grunnlaget for dette er lågare fødselstal og mindre tilflytting. Antal barn som vert fødde er saman med netto innflytting dei faktorane som er mest usikre i prognosane.

Antal barn i alder 6-12 år

Antal barn 6-12 årAntal barn på barnetrinna i skulen stig litt og flatar ut i planperioden.

Antal barn i alder 13-15 år

Antal barn 13-15 årDet vekst i antal ungar på ungdomstrinna etter nokre år med nedgang.

Antal personar i alder 16-22 år

Antal personar i alder 16-22 årAldersgruppa som omfatter ungdom på vidaregåande skule held seg omlag på same nivå. Denne gruppa betyr lite for kommunen sine inntekter og utgifter.

Antal personar i alder 23-66 år

Antal personar 23-66 årGruppa vaksne i arbeidsfør alder vekst jamt dei neste åra.  Denne gruppa er den som vert mest påverka av inn- og utflytting og som gjev det største grunnlaget for skatteinntektene.

Antal personar i alder 67-79 år

Antal personar 67-79 årVekst i talet på dei som er 67-79 år minkar i perioden. Talet på personar i gruppa over 67 år er venta å ligge nær prognosa då dei i mindre grad enn andre flytter.

Antal personar i alder 80-89 år

Antal personar 80-89 årAldersgruppa 80-89 veks svakt i denne perioden, og veksten/eldrebølga kjem i åra etter denne planperioden.

Antal personar i alder 90 år og over

Antal personar 90+ årAntal personar over 90 år held seg truleg på same nivå som i dag.

Folketal brukt i berekning for rammetilskot 2017-2020

Folketal brukt i berekning for rammetilskot 2017-2020
Folketal pr 1.juli 2016 2017 2018 2019 2020
Innbyggarar 0-1 år 512 509 524 561 591
Innbyggarar 2-5 år 1134 1123 1104 1082 1093
Innbyggarar 6-15 år 2772 2824 2879 2929 2951
Innbyggarar 16-22 år 1950 1952 1933 1925 1918
Innbyggarar 23-66 år 10575 10683 10814 10999 11194
Innbyggarar 67-79 år 1580 1632 1668 1689 1712
Innbyggarar 80-89 år 406 408 418 440 459
Innbyggarar 90 år og over 88 86 85 82 81
Innbyggarar totalt pr 1.juli 19017 19217 19425 19707 19999
Innbyggarar totalt pr 31.des 19134 19295 19553 19859 20137
Auke % siste år pr 31.des 0,9 % 0,8 % 1,3 % 1,6 % 1,4 %