Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren sitt forord

Klepp, har saman med resten av regionen vi er ein del av, merka nedgangen i oljenæringa dei siste 2-3 åra. Truleg er mykje av nedgangen over, og vi legg til grunn ei betring dei kommande åra. Skatteutviklinga og sysselsettinga er svakare enn venta, men truleg var 2016 året botnen vart passert.

Folkeveksten i Klepp har roa seg dei siste åra. Prognosane for dei neste åra ligg på mellom 1 og 1,6 %. Det er lågt samanlikna med veksten etter 2000. Veksten i 2016 har vore svak og prega av utflytting frå kommunen. Truleg heng dette saman med det svake arbeidsmarkanden i regionen.

Talet på barn i barnehage ser ut til å verte redusert dei næraste åra. Talet på skulebarn stig. Etter 2020 vil og tale på dei eldste stige. I denne planperioden er det skulekapasitet som er det viktigaste å løysa.

Utviklinga dei neste åra er meir usikre enn på lenge, spesielt på kor mange barnehageplassar som trengs. Dette gjer det vanskelegare å planleggja, og krev vilje til å endre planar og prioriteringar dersom det ikkje vert som venta.

Budsjettrammane vert haldne og avdelingane har i stor grad eit økonomisk handlingsrom, sjølv om det er stramma noko inn. Det er gjort prioriteringar og val som gjer det muleg å gje gode tenester til innbyggjarane, og samtidig vera klar for nye utfordringar som kjem. Dei neste åra vil verte ennå strammare, og tilpassingar i organisasjon og drift vert nødvendig. Analysar viser at det finst kommunar vi kan lære av for å bli både betre og rimelegare.

I kommunestyret sitt vedtatte budsjett og økonomiplaner det fordelt 1,25 mrd kroner til drift av kommunen sine tenester. Om lag halvparten av dette går til skule og barnehage. I tillegg er det lagt opp til om lag 650mill kroner i investeringar dei fire neste åra. Her er det både stort og smått. Dei største investeringane i perioden er på skular.

Arbeidet med utviding av Bore skule er alt i gang. Der kjem det også ny idrettshall. Vardheia skule vert bygd saman med Time kommune i slutten av perioden. Ny skule på Kleppe vert avklart i eiga. Klepp ønskjer ein ny skule på Kleppe så snart som råd.

Det vert sett i gang utgreiing for å sjå korleis ein kan byggja eit «kommunehus» i sentrum med fellesfunksjonar som kulturscene, bibliotek, kulturskule, administrasjon, servicetorg m.m. Utgreiinga skal leggjast fram i september 2017.

Det er lagt opp til stram drift, med gradvis betra overskot. Klepp har reserver på «bok» dersom inntektene sviktar. Lånegjelda er på eit akseptabelt nivå. Dei siste åra har kommunen valt å betale hardt ned på låna for å rydde rom for nye investeringer. Det er viktig for kommunestyret å syta for ein sunn økonomi som gjer kommunen i stand til å løyse utfordringane om kjem etter 2020, mellom anna ny Kyrkje på Kleppe.

Kommunestyret sitt vedtak betyr framleis stramme rammer i alle etatar/tenesteområda. Det krev omstilling internt, endring av forventningar og nye løysingar. Nokre som allereie er tenkt ut, og andre som må koma. Men ei stram styring vil gjera kommunen i stand til å ta dei utfordringane som kjem, og det vil gje innbyggjarane trygghet for at dei får hjelp når dei treng det.

 

For Kommunestyret
Ane Mari Braut Nese