Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske målsettingar og analyse

Kommuneplanen si målsetting er "ein sunn økonomi som sikrar handlingsrom".  Målsettinga er konkretisert ved 4 målbare delmål. Med unntak av lågt netto driftsresultat dei første åra i planperioden og høgare lånegjeld i 2020 er planen i samsvar med målsettingane.

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter

Netto driftsresultat har stort sett vore over målsettinga til 2015. Det er venta fall i 2016 og ytterlegare fall i 2017. Hovudårsaka er svikt i skatteinntekta. Resultatet er planlagt å betra seg når innsparingane får effekt og aktiviteten i arbeidsmarknaden og skatteinntekta betrar seg.

Teknisk berekningsutval for kommunane tilrår minimum 1,75 % resultatgrad.

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter

Lånefinansiering

Målsettinga er at maksimalt 70 % av investeringane skal vera finansierte med lån.  Planen er i samsvar med dette målet.  Dei viktigaste finansieringskjeldene i tillegg til lån er mva-kompensasjon og overskot frå drifta.  

Lånefinansieringandel

Lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

Lånegjelda i Klepp er moderat sett i høve til kommunane kring oss. Låneveksten er moderat som følgje av rask nedbetaling av gjelda og moderate investeringar i perioden.  Lånegjelda stig over målsettinga siste året i perioden grunna høge investeringar.

Riksrevisjonen har i sin gjennomgang av låneopptaka i kommunane dei siste åra peika på uro over høge låneopptak og veksande kommunegjeld. Riksrevisjonen vurderer ei gjeldsgrad over 75 % til å være «høg».

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

Disposisjonsfonda

Klepp har høgare disponible fondsmiddel enn målsettinga og dei fleste kommunane kring oss. Ein vesentleg del av fonda er middel disponerte av etatane/tenesteområdet. Disposisjonsfonda vert halde som «buffer» mot svikt i skatteinntekta og liknande.

 Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter