Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Statsbudsjettet

Regjeringa legg til grunn ein auke i frie inntekter på 4,1 milliardar. Auka handlingsrom er rekna til 300 millionar.  Endringar i andre ordningar og omlegging av rammetilskotet medfører negativ vekst for Klepp kommune.

Kommuneopplegget

Det er særleg to ting som er nytt i statsbudsjettet samanlikna med det økonomiske opplegget i kommuneproposisjonen i mai. For det første er anslaget for skatteinntektene i 2016 oppjustert med 3,8 milliardar. Dette gir isolert sett eit auka økonomisk handlingsrom i 2016, men ikkje i 2017. For det andre er ein større del av realveksten i 2017 bundne i statlege satsingar. Dette gir isolert sett lågare handlingsrom i 2017.

Veksten i frie inntekter er disponert slik:

Veksten i frie inntekter er disponert slik:

Anslag mai

Statsbudsjett

Vekst i frie inntekter samla

3,75 - 4 mrd.

4,1 mrd.

Til dekning demografi

2,1 mrd.

2,1 mrd.

Til dekning pensjon

0,9 mrd.

0,9 mrd.

Statlege satsingar

0,3 mrd.

0,8 mrd.

Auka handlingsrom

0,5-0,75 mrd.

0,3 mrd.

Realveksten er lagt i overkant av intervallet varsla i kommuneproposisjonen, men samtidig er dei statlige satsingane auka med ½ mrd. kroner. 

 

Statlege satsingar innanfor veksten i frie inntekter

Mill kr

Tidleg innsats grunnskule (heilårseffekt frå 2018 = 360 mill.)

150

Opptrappingsplan rusfeltet

300

Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering

100

Auka satsing skulehelsetenester og helsestasjonar

50

Fornying og opprusting av fylkesvegar

200

Sum

800

Regjeringa sine utrekningar av auka handlingsrom tek ikkje omsyn til at det i kommunesektoren er ein underliggjande kostnadsvekst i ressurskrevjande tenester. KS har anslått denne til 0,4 mrd. for kommunane samla. Handlefridomen til kommunane samla er om lag uendra frå 2016 til 2017.

Kommunane samla ligg an til å få ein stor meirskattevekst i 2016, anslått til 3,8 mrd. kroner. Meirskatteveksten har truleg samanheng med ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skatteytarar, som truleg skuldast tilpassingar i forkant av skattereforma frå 2016.

Denne meirskatten vert ikkje vidareført til 2017, men vert ein del av realveksten som regjeringa la opp til i kommuneproposisjonen.

Frie inntekter

Oppgåveendringar og regelendringar som har økonomiske konsekvensar er halde utanfor utrekninga av realveksten i frie inntekter. I 2017 vert kommunane kompensert med 300 millionar, der aktivitetsplikt for mottakarar av sosialhjelp under 30 år utgjer 60 mill. kroner og utvida rett for vidaregåande opplæring for innvandrarar utgjer 46 mill. kroner. 

Tilskot til ekstra vedlikehald

Regjeringa har foreslått å løyva 650 mill. kroner til vedlikehald til kommunar på Sør- og Vestlandet. Dette kjem i tillegg til realveksten i frie inntekter.
400 mill. kroner av tilskotet vert fordelt med eit likt beløp per heilt arbeidsledig person utover landsgjennomsnittet på 3,1 prosent ved utgangen av august 2016, mens dei resterande 250 mill. vert fordelte seinare. Klepp vil få 4,9 millionar av første fordelinga av desse. Tilskotet skal brukast til ekstraordinære tiltak innan vedlikehald og rehabilitering av bygg, anlegg og vegar som er eigde av kommunen, eit kommunalt føretak eller kyrkjeleg fellesråd, og som kjem i tillegg til det kommunane normalt ville ha budsjettert og planlagt.

Nytt inntektssystem

Nytt inntektssystem for kommunane vert sett i verk frå 2017 i samsvar med dei prinsippa som vert vedteke i vår. Dette betyr:
• endringar i kostnadsnøklane i utgiftsutjamninga basert på nye statistiske analysar
• årleg revekting av delkostnadsnøklane sin del hovudkostnadsnøkkelen basert på sist avlagte rekneskap
• innføring av eit strukturkriterium for å gradera basistilskotet
• omlegging av regionalpolitiske tilskot med større vekt på innbyggjartal og mindre vekt på kommune.

Inntektsutjamninga er uendra, og innføring av eventuell selskapsskatt er utsett.

I statsbudsjettet er det og gjort andre justeringar:
• Grensa for veksttilskot er redusert frå gjennomsnittleg befolkningsvekst på 1,5 pst til 1,4 pst.
• Satsane for dei regionalpolitiske tilskota, inkludert vekstkommunetilskot og storbytilskot, vert justert med halvparten av lønns- og prisvekst.

Konsekvensane for Klepp er ein reduksjon på om lag 4,5 millionar samla. Hovudårsaka er endringar i kostnadsnøklane og revektinga av desse samt innføring av gradert basistilskot.
I tillegg taper Klepp 3,5 millionar på at kommunen ikkje lenger har vekst over vekstgrensa. Veksten siste 3 år er på 1,34 % mot 1,4 % som er nytt krav. Ny grense er positiv for Klepp om veksten over tid kjem over 1,4 % i snitt. Det er ikkje venta at Klepp får veksttilskot i denne planperioden.