Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteutviklinga i regionen og Klepp har vore svak dei siste 2 åra. Hovudårsaka er nedgangen i oljesektoren og verknaden av den på sysselsetting og lønnsvekst. Arbeidsgjevarane i Klepp har i september betalt inn 3 % mindre i forskotstrekk enn i fjor. Samla forskotstrekk til Klepp kommune viser ein auke på 3,9 % mot ein auke på 2,4 % hittil i år. Saman med nedgangen i ledighet kan det tyda på at botnen er passert, men utviklinga er framleis svak i fleire verksemder.

Ut frå regjeringa sine oppdaterte prognosar vil Klepp i 2016 ende på 96,3 % av landsgjennomsnittet pr. innbyggjar i skatteinntekt. Veksten for landet i 2016 skuldast i stor grad tilpassingar til endringar i skattereglane og utslaga er ulike i kommunane.
Truleg vil veksten frå 2016 til 2017 verte betre for Klepp enn for landsgjennomsnittet. Det er difor lagt inn ein vekst på 4 % mot vekst for landet på 2,3%. Det er lagt opp til ein auke i skatt pr. innbyggjar til 98 % i 2017 og 99,8 % i 2020.

I 2014 var tilsvarande tal 105,2 % og i 2015 på 100,2 % Tabellen viser historisk utvikling og prognose for planperioden. I vedteken plan var same anslag om lag 102,5 %.

 

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

I % av landgj.snitt

99,7%

104,0%

105,2%

100,2%

96,3%

98,0%

99,7%

99,9 %

99,8 %

Figuren viser skatteutviklinga i kommunane i Rogaland samanlikna med regjeringa sine prognosar.  

Endring skatt kommunane i rogaland

Skatteutvikling i % av landet - utvalde kommunar