Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rente

Renta har dei siste åra falle. Marknaden trur renta har nådd botnen i denne omgang og låge renter dei neste åra.  Renta påverkar lånekostnadane og renteinntektene samt pensjonskostnadar.

Renteutviklinga har dei siste åra vore prega av fallande renter.  Det siste året har renteforventninga for renter med løpetid på inntil 4 år auka.  Forventninga til renter med løpetid over 4 år har falle.  Langsiktig forventning er ei rente under 2 %. 

I tillegg til marknadsrenta må ein legge inn ein margin.  Pt. er marginen 0,7 % for ordinære lån i KLP og Kommunalbanken.  Renta på korte lån i sertifikatmarknaden er 0,1-0,2 %.

Renta påverkar lånekostnadane, rentekompensasjonsordningane, avkastinga på ansvarlege lån til Klepp energi og Lyse energi, avkastninga på likvide middel, samt utlån og innlån av Startlåna.  I tillegg vert og pensjonskostnadar og –premie påverka av rentenivået.  Held ein pensjon utanom vil ein auke i renta på 1 % gje 0,9 millionar i auka utgifter for Klepp kommune jfr. tertialrapporten pr. 31.08.2016.

Ein oppgang i renta vil ikkje gje vesentleg endring i Klepp kommune sine rentekostnadar.

Budsjetterte renter er i samsvar med renteforventningane i starten av oktober 2016 med eit lite tillegg.

Regjeringa endra måten Husbankrenta vart fastsett på frå 1. mars 2016.  Dette har medført ei lågare rente på desse låna. Verknaden på lang sikt er ukjent.  Frå 2017 er det foreslått at også rentekompensasjonsordningane skal bruka same rente, og kompensasjonen vert difor noko redusert.

Renteprognose