Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Pleie og omsorg

Formål og målgruppe

  • Målgruppe: 
    Personar med fysisk og psykisk funkjsonssvikt eller sjukdom som gjer at dei treng helsehjelp.
  • Loven sitt formål:
  • Kommunehelselova §1-1Kommunehelselova
  • Kommunen sitt overordna mål: 
    Vi samarbeider med innbyggarane om eit meiningsfullt kvardagsliv. Vi gjer det gjennom dialog, trening og støtte, og med utgangspunkt i ønskene og ressursane deira.

Status

  • Det er gjennomført effektivisering av tenesteområda, og fleire prosjekt er sett i gang for å sikra god kvalitet på tenesta.
  • Det er press på aktivitet- og dagsenterplassar.
  • Nokre avdelingar har utfordringar med høgt sjukefråvær. Det er sett i gang nærværstiltak.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel plassar i brukertilpassa einerom m/eget bad/wc 100% 82% 91,9% 100%
  Fysioterepitimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,37 0,44 0,38 0,44
Prioritering Nettodriftsutgifter pleie og omsorg per innbygj 67 år 109429 101372 120859 121099
  Nettodriftsutgifter pr innbygj i kroner, pleie og omsorg 12223 14281 13669 13636
Dekningsgrad Del av innbyggjarar 67 år og over som er bebuar på institusjon 3,5% 4,4% 4,5% 5,3%
  Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb 0 år og oppover 367

436

323 388
Enhetskostnader Korrigerte brutto driftsutg pr mottakarar av heimetenester( i kr ) 291101 213890 271697 251443
  Korrigerte brutto driftsutg, institusjon pr kommunalplass 1324466 1044849 1245702 1188326
Rangeringar Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2017 120 244 279 177
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Pleie og omsorg 38,9 14,3 -24,4 24,2

Organisering

Tenestene er i hovudsak organisert under etat for helse og velferd.

Budsjettfordeling

Pleie og omsorg R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Helse og velferd 214117 209979 223959 223959 223959 223959
Lokal utvikling 2923 3081 3125 3125 3125 3125
Sentraladministrasjonen 4 0 0 0 0 0
SUM 217043 213060 227084 227084 227084 227084
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Rekruttera og behalda god fagkompetanse.    
  • Nye IKT- løysingar stiller store krav til kompetanse og tenesteinnovasjon.
  • Personar med demenssjukdom er ei samansett gruppe med spenn i alder, livsstil og sjukdomsbilete. Dette stiller krav til kompetanse og eit godt tilrettelagt tenestetilbod.
  • Press på avlasting og bustader for yngre psykisk utviklingshemma/fysisk funksjonshemma vil vera ei utfordring i 2018.
  • Manglande arbeidstilbod til personar med utviklingshemming.
  • Aldersgruppa 80 år og eldre vil auka med eit snitt per. år på 4,9 % dei neste åra.
  • Det trengs fleire dag- og aktivitetsenterplassar, og til utvida tidspunkt enn vi har i dag.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2018 Mål innen 2021
Pasientar frå SUS som kommunen ikkje tar i mot innan frist. Statistikk 14 liggedøgn 8 ligge døgn 8 liggedøgn
Antall innbyggjarar over 80 år som er på institusjon Kostra statistikk 11,8% 11% 11% 
Ei brukarorientert og effektiv teneste, med høg kvalitet og med høg grad av trivsel for dei tilsette.  Tal på undersøkingar 4,7 4,9 5,0
Nærværsprosent  Visma, Hrm 91,5% 93,1% 94%

Kvalitative mål

  • Auka samarbeid med frivillege i tenestene.
  • Stilling som frivillegkoordinator blir gjort fast.
  • Flest muleg skal bu lengst muleg heime
  • Institusjonsplassane i kommunen er optimalt utnytta
  • Unge vaksne med psykisk utviklingshemming/fysisk funksjonshemming har tilfredsstillande bustad
  • Plassering og framdrift for barnebustad og avlastningstilbod er klar.
  • Etablera forsterka skjermingsplassar til eldre med psykiske lidingar i kombinasjon med demensdiagnose.
  • Etablera gode samarbeidsrutinar med frivillege  
  • Etablera fleire tilrettelagde arbeidsplassar.
  • Fagfolk med rett kompetanse i alle stillingar
  • Høgt nærvær og god trivsel. Trygge leiarar som arbeider systematisk med nærvær.

Virkemiddel

  • Delta i samarbeidsprosjekt for implementering av velferdsteknologi.
  • Delta i nettverk for gode pasientforløp, og oppnemna primærkontakt for alle brukarar.
  • Plan for bruk av institusjonsplassar
  • Førebyggande heimebesøk- dagskonferanse for 75-åringar
  • Nytta ulike brukargrupper aktivt i utviklinga av tenestene.
  • Jobba systematisk med nærværsarbeid og trivsel blant dei tilsette.
  • Legemiddelgjennomgang saman med alle pasientar for betre  pasientsikkerhet.
  • Kjøpa fleire plassar ved Jæren Industripartner evt. etablera arbeidsplassar i kommunen.
  • Utarbeida plattform for frivillig arbeid

Betalingssatsar

Alle satsar har ein auke på 2,7 % 
Heimehjelp/praktisk bistand og opplæring/brukarstyrt personleg assistent
Praktisk bistand Intill 2G 2G - 3G 3G-4G 4G-5G 5G-6G Over 6G
Betalingstak/månad 200 1784 2059 2394 3008 3568
Inntil 2g blir regulert av stat. Resterande ein auke på 2,2 %
Pris pr. time 200 290 315 356 420 420
Inntil 2g blir regulert av stat. Resterande ein auke på 2,7 %

Samla inntekt i husstanden er lagt til grunn for betaling

Trygghetsalarm

Leige av mobil trygghetsalarm kr 336,- pr mnd
Leige av analog trygghetsalarm kr 291,- pr mnd

Mat for leigetakarar på pensjonatet

Tørrmat, middag og dessert kr 4 293,- pr mnd

Matombringing

Middag og dessert levert heim kr 113,- pr måltid

Vaskeriteneste

Vask av privattøy på Kleppheimen kr 270,- pr månad
Dagopphald
Dagtilbod frå aktivitetssenter, inkl frukost og middag kr 146
Dagtilbod frå aktivitetssenter, inkl frukost, middag og skyss kr 180
Dagtilbod frå dagsenter for personar med utviklingshemming kr 390 pr mnd
Ferietur med personal for personar med utviklingshemming kr 396 pr døgn
Treningsbustad pr døgn kr 51
Kortidsopphald/rehabiliteringsopphald
Kr 155,- pr døgn inntil 60 døgn pr kalenderår. 
Over 60 døgn pr kalenderår som for langtidsopphald i bustad/institusjon med heildøgns omsorgstenester.
Dag eller natt opphald kr 80,-
Desse satsane er stalege og blir oppdaterte når nye satsar kjem på nyåret.

Større omdiponeringar innen ramma

Har omdisponert kr 1 322 000 fra dette område til barnevern.
Opprettet boligkontor, overført 2 stillingar fra psykisk helse og rus og en 80% stilling fra lokal utvikling som jobber med dette.