<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Næring

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Næringsdrivande, sysseltsette og innbyggjarar i Klepp kommune samt framtidige generasjonar som er påverka av arealbruken i kommunen.
  • Føremål
    • Føremål i jordlova: Å leggja tilhøva til rette slik at arealressursane kan verta brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.
    • Sikra landbruksjord som grunnlag for eksisterande og auka matproduksjon og samstundes ta vare på natur, miljø og kulturlandskapet.
  • Kommunale mål:
    • Produksjon av matvarer frå landbruket i Klepp skal auka

Status

  • Uvisse kring sysselsettingsutviklinga og arbeidsinnvandring. Ledighetstala for Klepp viser at andel heilt ledige har auka frå 2,1% til 4,4% frå januar 2015 til januar 2016.
  • Per 2016 er det registrert ca. 2000 verksemder og cirka 8000 sysselsette i kommunen.
  • Fordeling av arbeidsplassar pr sektor i Klepp

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutg. til tilrettelegging og bistand næringslivet i % av totalt. 0,2%   0,1% 0,3%  0,0% 
  Netto driftsutg. til landbruksforvaltning 144 108 1489 145
NæringsNM Rangering Nærings NM 2017 (NHO)        
I NHOs Nærings-NM, som er ei årleg rangering av næringslivet i kommunane utarbeida av Telemarksforskning, viser at Klepp næringsliv har gjort det bra i ei årrekke. I 2016 blei Klepp kåra som nummer 18 av alle kommunar i Noreg.
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Næringsforv. og konsesjonskraft 0,9 -0,2 -3,0 0,4

Organisering

Tenesta retta mot areal og landbruk er organisert under etat for lokal utvikling. Anna tilrettelegging for næringslivet samt kontakt mot samarbeidsorganisasjonane på næringsområdet er organisert i sentraladministrasjonen. 

Budsjettfordeling

Næring R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Sentraladministrasjonen 1514 1595 2609 2489 2489 2489
Lokal utvikling 2110 2338 2261 2261 2261 2261
SUM 3624 3933 4870 4750 4750 4750
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Redusert aktivitet innafor petroleumsrelaterte næringar gir negative konsekvensar for næringslivet i Klepp og regionen.
  • Kommunen har ein viktig posisjon som den største sysselsettaren i Klepp, og som planmyndigheit og arealforvaltar. Av den grunn har også kommunen ei sentral rolle i utviklinga av det lokale næringslivet.  
  • Saksbehandlingstid i landbruksavdelinga - spesielt i krevjande bruksrasjonaliseringssaker.
  • Avklara korleis næringsarbeidet skal organiserast og prioriterast dei neste åra.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 201 Mål innen 2021
Alle søknader som skal vidare til Landbruksdirektoratet skal behandlast og vidaresendast av kommunen innan oppsette fristar. Tal saker som er ubehandla over frist   0 0

Kvalitative mål

  • God kontakt med næringsdrivande, næringsforening, Greater Stavanger og andre organisasjonar som er viktige for å utvikla eit variert og godt næringsliv og høg sysselsetting.
  • Redusera forvaltningsmessige feil og feil saks- og søknadsbehandling etter lov- og regelverk.
  • Sikra at saksbehandlingsfristar vert etterlevd.

Virkemiddel

  • Effektive saksbehandlingsrutinar.
  • God kontakt med aktørane i næringslivet.

Betalingssatsar 

Betalingssatsar
Type 2018 2019
Delingssaker etter jordlova 2000 2000
Konsesjonssaker - adm behandling 1875 1875
Konsesjonssaker - politisk behandling 5000 5000