Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kultur og idrett

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Alle innbyggjarar. Særleg vekt på barn og unge, samt tilrettelegging innan område med særlege behov for innsats.
  • Lovens formål
    • Kulturlova: å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
    • Biblioteklova: Folkebibliotekene skal fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.
    • Opplæringslova: § 13-6.Musikk- og kulturskoletilbod
      Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.
  • Kommunale mål:
    • Kultur- og fritidstilboda har breidde og kvalitet.
    • Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar.
    • Rekruttera godt og ha magne frivillige samarbeispartnarar.
    • Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen er gode.

Status

  • Omlegging til meirope bibliotek.
  • Idrettskonsulent blir vurdert i budsjettet for 2018.
  • Vekst i aktivitet og tal på frivillige ved frivilligsentralen.
  • Vidare organisering og utvikling av frivilligsentralen blir vurdert.
  • Generelt god oppslutning om kulturarrangement.
  • God oppslutning om kulturskulen. Kulturskulen har om lag 430 elevplassar delt på 370 elevar. Venteliste på 110 elevar til kulturskulefag, omlag 70 i korps. Det er danna eit korpsråd.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Besøk i folkebibliotek per innbyggar 3,6 3,5 5,8 4,3
  Utlån alle medier frå folkebibliotek per innbyggar 3,6 2,9 3,4 6,2
  Årleg totalt besøk i kommunalt drivne fritidssenter per 1000 innb. 6-20 år 1333 - 1187 1644
Prioritering Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbyggar i kroner 1497 1500 1943 1949
  Netto driftsutgifter til aktivitetstilbud barn og unge per innbyggar 6-18 år 1176 901 1590 1209
  Netto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per. innb. 6-15 år 1996 2194 2456 2069
Dekningsgrad Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 12 13,5 15,6 13,2
Enhetskostnader/ produktivitet Brutto driftsutgifter til bibliotek (f370) per innbyggar 264 269 354 333
  Korr. brutto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per brukar 19262 17488 18862 17326
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenestens rangering siste rapport 2017 (Område kultur) 216 305 98 83
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Kultur og idrett 6,6 0,1 -8,5 -8,6

Organisering

Tenesta er i hovudsak organisert under etat for lokal utvikling. Kulturskulen er organisert under etat for skule og barnehage.

Budsjettfordeling

Kultur og idrett R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Lokal utvikling 15321 15561 15628 15628 15628 15628
Skule og barnehage 5465 5673 5822 5822 5822 5822
Helse og velferd 485 916 1810 1810 1810 1810
SUM 21271 22150 23260 23260 23260 23260
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Klepp manglar eit eigna bygg til kulturføremål i sentrum. Dette må sjåast i samanheng med auka/endra rom- og arenabehov for dei felste kommunale kulturverksemdene inkludert behovet for tilpassa arrangementslokal.
  • Talet på medlemmer i idretten er lågare enn i nabokommunar, særleg blant ungdom.
  • Rekruttera og behalda barn og unge i kor, koprs og musikkaktivitet.
  • Vidareutvikla frivilligsentralen.
  • Omlegging til meirope bibliotek og utvikling av biblioteket som arena for debatt og arrangement i tråd med intensjonar og mål i ny biblioteklov.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2018 Mål innen 2021
Auka oppslutning i frivillige lag og organisasjonar, særleg blant barn og unge Statistikk og medlemstal i søknad om driftstilskot Idrett 5676
Musikk 355
Andre 2783
Totalt 8814
Idrett 5900
Musikk 375

Totalt 9700
Auka mangfald og tal på kvalitetsarrangement Komunale tal  

5% Fleire arrangement
8% større arrangments-mangfald

20%
Auke i elevtal kulturskule Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 12%

13,5%

15%

Kvalitative mål

  • Auka deltaking i organisert aktivitet og på arrangement blant befolkningsgrupper som elles deltar lite.
  • Kulturskulen sitt tilbod er mangfaldig og i samsvar med etterspurnad. Auka variasjon når det gjeld opplæringstilbod. Kvalitetsundervisning tilpassa kvar einskild elev.
  • Auka mangfald og tal på kvalitetsarrangement.
  • Utgreia behov og program for eit sentralt kulturbygg i Kleppe.
  • Gjera Klepphistoria kjent og kulturminner tilgjengeleg.
  • Gjennomføra arrangement: Kleppeloen ("Sommarkultur"), Verdenslandsbyen Klepp, fullmånekonsertar, UKM m.m.
  • Auka tilgjengelighet og bruk av lokale til kultur og fritidsføremål.
  • Auka deltaking i frivillig arbeid.

Virkemiddel

  • Prosjektsamarbeid Folkepulsen. Vurderast i budsjett for 2018.
  • Idrettskonsulent. Vurderast i budsjett for 2018.
  • Prosjekt for å styrka opplæring i og rekruttering til skulekorps.
  • Innføring av meirope bibliotek.
  • Skilting, framkomelighet og markedføring av kulturminner.
  • Elev/føresetteundersøkingar ved kulturskulen.

Betalingssatsar 

Symjehallen (Klepphallen) 2017 2018
Barn 30  30
Vaksne 55  55
Klippekort barn (18 klipp) 400  400
Klippekort vaksne (10 klipp) 440  440
Kulturskule Sats pr. semester frå 01.08.2017 Sats pr. semester frå 01.08.2018
Instrumentopplæring/song (einetimar) 1645  1690
Gruppeopplæring (dans, kunstfag, drama) 1470  1510
Instrumentleige og materialutgift kunstfag 335  345