<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunehelse

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Innbyggarane i kommunen
  • Loven sitt føremål:
    Kommunehelselova §1-1
  • Kommunen sitt overordna mål:
    Vi gir helsetenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, brukarmedverknad, satsing på familie og nettverk, samhandling og nye arbeidsmåtar.

Status

  • Helsestasjonen er styrka med statlege tilskot dei siste fire åra. Kommunen har auka talet på årsverk både for jordmor, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste og psykisk helseteneste til barn og unge.
  • Helsetenestene i kommunen har fortsatt låg dekningsgrad.
  • Ny fastlegeliste er under oppbygging frå sept 2017, og det vil vere nok opne lister i 2018. 

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel barn med fullført helseundersøking innan 8 leveuker  244 4169 235 260
  Andel barn med fullført helseundersøking ved 2-3 års alder 253 4604 293 295
Prioritering Nettodriftsutgifter til førebygging helsestasjon og skulehelsetj pr innbygj 0-5 år 7072 8148 8894 4714
  Nettodriftsutg til førebyggande arbeid, helse pr innbygger 146 171 71 200
Dekningsgrad Årsverk av helsesøstre pr 10000 innbyggj 0-5 år 58,2 72,5 70,4 58,8
  Årsverk fysioterapeutar pr 10 000 innbygj. Funksj 241 4,8 6,8 5,6 5,9
  Årsverk av jordmødre pr 10 000 fødte 85,1 76,7 71,7 67,6 
Enhetskostnader Brutto driftsutg pr. innbyggar. Funksjon 232,232,241 2577 2707 2492 3313
  Årsverk av ergoterapeutar pr 10 000 innbyggar 4,1 3,4 4,2 4,3
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenestens rangering siste rapport 2017 262 271 217 192
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Kommunehelse 2,5 -1,8 -5,9 4,9

Organisering

Tenestene er organisert under tenesteområde helse og velferd.

Budsjettfordeling

Kommunehelse R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Helse og velferd 33897 41495 39513 40313 40313 40313
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Den sosiale ulikskapen aukar i befolkninga.
  • Det blir meir psykiske lidingar i befolkninga.
  • Store mørketal når det gjeld overgrep og vald i familiar.
  • Endringar i bruk av rusmiddel.
  • Auka arbeidspress grunna tidlegare utskriving frå spesialisthelsetenesta, meir komplekse tilstandar, fleire samarbeidspartnarar og auka forventning i befolkninga.
  • Mange rutinar og prosedyrar er under revisjon grunna nye arbeidsmåtar.         

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2018 Mål innen 2021
I samarbeid med NAV gje tenester med fokus på aktivitet og arbeid for personar mellom 18-30 år Antall brukere
Antall dager vi kan tilby tensten
2 dagar pr veke  3 dagar pr veke 5 dagar pr veke
Fleire gruppebaserte tilbod i helsetenestene Antal og breidde

Duå, Cos, barselreaksjon
KID og KIB
Frokostgruppe 

Tilbud om 2 nye  grupper Utvikle rask psykisk helse hjelp(På Jæren)
Avslutta opptrening etter funksjonstap til ingen hjelp Statistikk  54% 60% 60%

Kvalitative mål 

  • Meir førebyggande tenester.
  • Førebu fullelektronisk arkiv i journalsystemet.
  • Gode pasientforløp.
  • Framtidsretta drift av legevakta i samsvar med nye retningsliner.
  • Innbyggarane har lett tilgang til informasjon og veit kor dei kan få råd og rettleiing.
  • Lågterskeltilbodet Rask psykisk helsehjelp er på plass.

Virkemiddel

  • Delta i prosjektet Gode pasientforløp for utvikling av eksterne og interne samarbeidsmåtar
  • Organisera legevakta i tråd med lov og forskrift
  • Implementera nye retningsliner for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
  • Utvikla tenestetilbod og samarbeidsformer med andre einingar.
  • Tidleg heimebesøk av jordmor til førstegongsfødande og prioriterte grupper. Evaluering 2018