<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunale bustader

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Personar som er vanskeligstilte i bustadmarkeden på grunn av helsemessige-, sosiale-, eller økonomiske forhold
  • Loven sitt føremål: Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-7 Boliger til vanskeligstilte:
    "Kommunen skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særlig tilpasning og med hjelpe- og vernetiltak for dem som trenger det på grunn av alder, funksjonshemning eller av andre årsaker."
  • Kommunale mål:
    «Det skal vera tilstrekkeleg med bustader til vanskelegstilte» (Bustadsosial handlingsplan – tiltaksdel 2015 - 2017, delmål 3).

Status

  • 225 kommunalt eigde bueiningar. Hausten 2017 overtek kommunen 2 små leiligheter og 2 modulbygg. Det er skreve kontrakt for kjøp av 5 leiligheter i ei blokk under oppføring. Desse har overtaking hausten 2018.
  • 31 innleigde bueiningar for framleige.

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorer Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel kommunale bustader tilgjengelege for rullestolbrukarar 44 % 57 % 28 % 19 %
Prioritering Brutto investeringsutgifter til bustadføremål per innbyggar i kroner 3505 1607 1074 2760
Dekningsgrad Kommunalt disponerte bustader per 1000 innb. 13 16 14 15
  Kommunalt eigde bustader som andel av totalt antall kommunalt disp. bustader 88% 77% 96% 92%
Enhetskostnader/ produktivitet Brutto driftsutgifter per kommunalt disponert bustad 60122 48098 85147 38093
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Kommunale boliger 2,3 -0,8 -4,9 2,3

Organisering

Ny organisering av tenesta frå 1. september 2017. Lokal utivkling ved vedlikehaldsavdelinga har ansvaret for det bygningsmessige medan Helse og velferd ved bustadkontoret har det meste av den direkte kontakten med bebuarane.

Budsjettfordeling

Kommunale bustader R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Lokal utvikling -8530 -12075 -12649 -12818 -12818 -12818
Helse og velferd 197 100 478 478 478 478
SUM -8333 -11975 -12171 -12340 -12340 -12340
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Usikkerhet angåande behov for bustader til flyktningar.
  • Usikker utvikling i bustadmarknaden (konjunkturavhengig). Frå hausten 2015 har både bustadprisane og leigeprisane i Klepp vore til dels betydelig lågare enn dei siste åra, og det er fleire privateigde bustader for leige. Dette har ført til at nokre av dei som har budd i kommunale bustader, særlig flyktningar, har flytta ut. Færre enn tidlegare søkjer om kommunal bustad.
  • Bebuarane si adferd og behov samsvarar ikkje med bustadporteføljen sin tilstand og lokalisering.
  • Fortsatt uklart regelverk ang. MVA – kompensasjon.
  • Manglande vedtak i politisk sak om "Behovsvurdering av plasser i institusjon, barne- og avlastning, boliger med heldøgnsbemanning" er ei utfordring både i forhold til budsjetering og kort- og langsiktig planlegging.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Forrige resultat Mål for 2018 Mål innen 2021
Auka andel bustader med universell utforming (rullestoltilpasset) Kostra 43% 45% 50%

Kvalitative mål

  • Betre samsvar mellom bustadbehov og bustadportefølje.

Virkemiddel

  • Tett samarbeid med Helse og velferd i forhold til oppdatert kartlegging av bustadbehovet nå og i åra som kjem.
  • Gjennomgang av Fredtunområdet for å vurdera bustadtypar og målgrupper i området.

Betalingssatsar 

Husleigene i kommunale bustader er budsjettert med ein auke på 2,7 % gjeldande frå 01.05.2018.
Økonomiutvalet har bedt om ei sak der konsekvensane av å auke dei kommunale husleigene til marknadsnivå inkludert konsekvensane for bustøtte og investeringar vert vurdert.