Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Grunnskule

Formål og målgruppe

  • Målgruppe:
    Elevane i skulen og deira føresette 
  • Føremål i Opplæringslova:
    § 1-1. Formålet med opplæringa
    Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.
    Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
    Opplæringa skal bidra til å utvida kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.
    Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og visa respekt for den einskilde si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
    Elevane og lærlingane skal utvikla kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistra liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong.
    Elevane og lærlingane skal læra å tenkja kritisk og handla etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
    Skulen og lærebedrifta skal møta elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.
  • Kommunale mål:
    Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn:
    • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
    • Framleis vektlegga dei grunnleggande kunnskapane, med særleg vekt på leseopplæringa.
    • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
    • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til godt læringsmiljø og mobbing og mobbesaker.
  • Etaten si målformulering er: Meir læring for alle 

Status

  • Jærskulen sine to hovudmål om å betra læringsresultata og få til betre rekruttering er også Klepp kommune sine mål. Måla er konkretiserte i alle skulane sine utviklingsplanar. Analyse om ståstad ligg til grunn for skulane sine utviklingsområde. Måla for Jærskulen blei evaluerte våren 2017.
  • Den årlege elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet viser at elevar i all hovudsak trivst god i Kleppskulen. 
  • Klepp ligg blant toppkommunane i Rogaland i forhold til å satsa på «Kompetanse for kvalitet». Forventinga er at dette over tid vil syna att på elevane si læring. 
  • Det er behov for betre spesialpedagogisk kompetanse på skulene. Orstad ATO er omgjort til læringssenter og målet er å gje opplæring og rettleiing til skulane der det er eit krav til spesialkompetanse.
  • Jærskulen følger opp staten si satsing på godt og trygt læringsmiljø og arbeid mot mobbing. Nytt system på skulane sine nettsider gjer det enkelt å melda frå om mobbing.
  • Det er tilført midlar frå staten til 11 lærarstillingar for 1. - 4. klasse til tidleg hjelp i norsk og matematikk frå skuleåret 2017/18.

Tal på elevar

Tal på elevar i skulen
  2016 2017 2018 2019 2020 2021
Elevar i skulen 2724 2689 2780 2804 2827  2830

Nøkkeltal

Nøkkeltal
Indikatorar Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Lærartettleik ordinær undervisning, 1.-10. tr. (elev pr. lærar) 14,3   18,5 15,3
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-10. trinn 12,2 14,2  14,9 12,6 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-4. trinn 12,6 13,8  14,7  13,6
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 5.-7. trinn 12,9 13,8  14,1 11,9
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 8.-10. trinn  11,3 15  16,2  12,2
  Lærartettleik viser tal berre for off. skular        
Einingskostnader Korr. brutto driftsutg. skulesektor (202,215,222,223), pr. elev 113420 114264 107738 113660
Rangeringer Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2017 171 196 118 294
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Grunnskule 14,3 5,6 5,2 3,7

Organisering

Tenesta er organisert under etat for skule og barnehage.

Budsjettfordeling

Grunnskule R2016 B2017 B2018 B2019 B2020 B2021
Skule og barnehage
237141 239801 242505 242505 242505 242505
Helse og velferd 37 0 0 0 0 0
Lokal utvikling 72 0 0 0 0 0
SUM 237251 239801 242505 242505 242505 242505
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

Utfordringar

  • Gje spesialundervisning tidlegare og meir målretta
  • Ressursar til opplæring for minoritetsspråklege elevar når dei er ferdige på språkstasjonen.
  • Å gje ei opplæring tilpassa kvar enkelt elev, slik at dei får meistring og læring. 
  • Å tilpassa skulebygg og utstyr til det nye arbeidslivsfaget og valfaga.

Mål

Mål
Beskrivelse av mål Indikator Siste resultat Mål for 2018 Mål innan 2021
 Grunnskulepoeng  Karakter alle faga  40,7  41,0  41,5
 Eksamen norsk  Karakter i hovudmål  3,0  3,5  3,6
 Eksamen matematikk  Karakter eksamen  3,4  3,5  3,6
 0 mobbesaker  0  34  20  0
Kommentar: Grunnskulepoeng: snitt for landet er 41,4, norsk hovudmål er 3,4 og matematikk er 3,4.

Kvalitative mål

  • Styrka det faglege fokuset for å auka læringsutbytet til elevane.
  • Gje læring og meistring til kvar elev ut frå sine føresetnader.
  • Betra tilbodet til minoritetsspråklege elevar.

Virkemiddel

  • Jærskulesamarbeidet og nettverka mellom skuleleiarar og lærarar.
  • Skulane sine eigne analysar og utviklingsplanar.
  • Sterk satsing på «Kompetanse for kvalitet».
  • Styrka det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge som har vanskar.
  • Involvera tilsette, leiarar og Jærskulen i forbetringsarbeid for minoritetsspråklege elevar.

Betalingssatsar 

Betalingssatsar SFO 
  Sats pr. mnd. frå 01.08.2017 Sats pr. mnd. frå 01.08.2018
Opphald    
5 dagar pr. veke 2790 2865
3 dagar pr. veke 1695 1740
Tillegg morgontilbod 355 365
Matpengar 215/130 220/135
For SFO betaler ein 11 månader, juli er betalingsfri.