Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannens kommentar til budsjettskissa

Økonomiplanen for 2018-2021 er prega av trendane vi har sett dei siste åra. Redusert skatteinntekt, fleire ledige i arbeidsmarknaden og mindre tilflytting/auka utflytting. 

Skatteinntekta for kvar innbyggjar har gått ned frå 105,2 % av landsgjennomsnittet i 2013, til 98 % i 2016, og til 94 % av landsgjennomsnitt i september 2017. Årsaka er fleire arbeidsledige og nedgang i løn som følgje av mange har gått frå gode løner i oljeindustrien til anna næring. Talet på ledige er redusert, men fallet i skatteinntekter held fram. Utviklinga dei neste åra er usikker, men endringa medfører at Klepp må redusere både kapasitet og kvalitet. 

Den kraftige folketalsveksten Klepp har hatt dei siste 10-åra er redusert vesentleg, og utviklinga dei neste åra vert vanskeleg å rekna ut. Årleg revidering av økonomiplanen er difor viktig for å tilpasse tenestetilbod og økonomi til endringane som Klepp-samfunnet går gjennom.

Dei siste åra har talet på barn i barnehagealder falt, og med dei også inntektene som finansierar dei. Reduksjon i kapasitet er difor rett og mogleg, samtidig som ein kan oppretthalde bemanninga i samsvar med det ein reknar som nasjonale krav frå hausten 2018.

Eldrebølga er i ferd med å koma til Klepp også. Gjennomgang viser at ein har god kapasitet i bygga i denne planperioden og fram mot 2025. Gjennomgang viser og at Klepp har høg ressursbruk og kvalitet i pleie- og omsorgstenesta. Det er sett i gang arbeid med meir detaljert gjennomgang av ressursbruken for å rusta tenesta for vekst i brukarar dei neste åra. Økonomiutvalet vil få ein presentasjon av foreløpige funn.

Tida vi er inne i er prega av auka fokus på digitalisering. Samarbeid med andre kommunar og staten er viktig i dette. Digitaliseringa vil også påverka arbeidsmåtar og kapasitet i organisasjonen. Rådmannen legg til grunn at ein kan redusere ressursbruk i mellom anna administrasjon. Flytting og samordning av oppgåver må då sjåast på og ein legg opp til å redusere administrative årsverk gjennom naturleg avgang.

Investeringsplanen er krevjande og vil bryte målsettinga om at låna ikkje skal være høgare enn 70 % av driftsinntekta. Gjelda vert vanskelegare å bera når inntekta ikkje veks like mykje. I tillegg legg tidlegare val i utbygging av skular sterke føringar på kva det er rom for å prioritera i planperioden. Bore skule, Kleppe skule, Vardheia skule og skule v. BMX bana må til for å løyse manglande kapasitet i dag og forventa kapasitetsbehov dei neste åra.

Rådmannen ønskjer økonomiutvalet lykke til i arbeidet med økonomiplanen og håpar budsjettskissa er eit god grunnlag for det vidare arbeidet.