Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren sitt forord

Klepp, har saman med resten av regionen me er ein del av, hatt fall i skatteinntekter som følgje av omstillinga i oljesektoren og redusert sysselsetting. 2017 ser ut til å være året kor utviklinga har snudd. Færre er ledige, fleire jobbar vært lyst ut, men skatteutviklinga har likevel vore negativ og Klepp mottek no skatteutjamning frå andre kommunar. Det er uvisst om utviklinga vil snu i 2018 eller om fallet held fram. Kommunestyret har lagt til grunn ei inntektsutvikling på nivå med det ein har sett hausten 2017.

Skulle utviklinga i inntekter bli svakare enn lagt til grunn har Klepp reservar å tæra på. Vert dei betre kan det betra netto driftsresultat og redusere gjeldsgraden for å nå målsettingane i kommuneplanen.

Folkeveksten i Klepp har roa seg dei siste åra. Veksten i 2017 har betra seg noko i forhold til 2016. Dei 3 første kvartala er det født 181, døde 69, 838 har flytta til og 808 har flytta ut av Klepp. Me har blitt 142 fleire innbyggjarar så langt i år. Det ligg an til en vekst på rett under 1%. Prognosane for dei neste åra ligg på 1 %. Det er lågt samanlikna med veksten etter 2000, og utviklinga er uviss. Kommuner rundt oss har valt å satse på ein høgare vekst enn oss. Det er 6. desember 262 bustader for sal i Klepp.

Talet på barn i barnehage har gått ned siste året, mens talet på skulebarn stig. Talet på eldre aukar også og vil auka ennå meir etter 2020. Klepp har meir enn nok plassar i barnehage og institusjon, men treng auka skulekapasitet. Utviding av Bore og Kleppe skule er difor viktig, saman med bygging av Vardheia ungdomsskule og ny barneskule på Kleppe. Når alt dette er gjennomført, har me løfta elevane sitt fysiske læringsmiljø opp til dagens og framtidas standard.

Dei store endringane i næringsutviklinga, bustadmarknaden og stor inn og utflytting gjer det vanskelegare å planleggja. Det krev vilje og evne til å endre planar og prioriteringar dersom det ikkje vert som venta. Årleg vurdering av budsjett og økonomiplanen er difor viktig.

Rapporteringa viser at budsjettramane vert haldne og avdelingane har ennå eit økonomisk handlingsrom. Leiarar og tilsette skal ha skryt for det. Omstilling og frigjering av ressursar vert viktig i 2018 og åra som kjem, for å kunne møta dei nye utfordringane kommunen står overfor.

Kapasiteten i barnehage er tatt ned, og det er sett i gang omstillingsarbeid for å frigjera ressursar inne helse og velferd. Prioriteringane vert meir krevjande, og det er viktig at me som politikarar greier å balansere rollane som ombod mot krav til rasjonalisering, fokus på heilhet og langsiktige utfordringar.

Ei stram styring vil gjera kommunen i stand til å ta dei utfordringane som kjem, og det vil gje innbyggjarane trygghet for at dei får hjelp når dei treng det.

I kommunestyret sitt vedtatte budsjett og økonomiplaner det fordelt 1,35 mrd kroner til drift av kommunen sine tenester. Om lag halvparten av dette går til skule og barnehage. I tillegg er det lagt opp til om lag 850 millionar kroner i investeringar dei fire neste åra. Her er det både stort og smått.

Dei største investeringane i perioden er på skular og idrettshallar. Ser ein i eit 10-årsperspektiv kjem kommunehus/kyrkje som neste store løft, mens ein truleg får eit «pusterom» med lågare investeringsbehov i 2023.

Det vert arbeid vidare med å sjå korleis ein kan byggja eit «kommunehus» på «rådhustomta» med funksjonar som kulturscene, kyrkje, bibliotek, kulturskule, administrasjon, servicetorg m.m. Skal rådhuset rivast eller skal det stå er eit av temaene som kjem til å engasjere neste år – trur eg.

Det er lagt opp til stram drift, med svakt overskot. Lånegjelda aukar ut over målsettinga, men framleis lågare enn det ein ser i mange nabokommunar. Fleirtalet i økonomiutvalet har vurdert det slik at det er viktig å ta nokon løft no, og roa ned investeringane etter 2023. Skulle føresetnadane endra seg har vi rom for å justere kursen under vegs.

For Kommunestyret

Ane Mari Braut Nese
Ordførar