Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske målsettingar og analysar

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat har dei siste åra vore høgare enn målsettinga. Årsaka er mellom anna:

-gode skatteinntekter for landet samla, som har medført samla mindreforbruk for kommunen. Desse er avsett til disposisjonsfondet året etter mindreforbruket.
-avdelingane har ikkje brukt opp budsjettrammene, og avdelingane sine disposisjonsfond har difor vakse.

Det er i 2017 lagt opp til bruk av både fond i avdelingane og for kommunen samla. Budsjettet vart i 1. tertial saldert med ein bruk av disposisjonsfondet på 4,1 millionar. Revidert budsjett i 2017 viser difor eit negativt driftsresultat.

Det er også i åra som kjem lagt opp til å bruka noko av fonda noko som påverkar driftsresultatet negativt utan at det har konsekvensar for salderinga.

Vedteken plan for 2017-2020 har lagt opp til ei auke i overføringane frå drift til finansiering av investeringar. Dette krev eit høgare driftsresultat dei neste åra.

Disposisjonsfond

Disposisjonsfond

Mindreforbruk i avdelingane og for kommunen samla har dei siste åra vorte avsett til disposisjonsfond og fonda har difor auka markert.

Samanlikna med dei andre kommunane ser ein at Hå har hatt høgare disposisjonsfond alle dei tidlegare åra, medan Gjesdal og spesielt Time har lågare. Ulik praksis for føring av premieavvik pensjon påverkar også samanlikninga.

Etatane har planlagt reduksjon i fonda i 2017 og dei neste åra. Det er lagt opp til bruk av sentralt disposisjonsfond for fleire av driftstiltaka og nokre av investeringane med kortare levetid.  Det er og lagt opp til å bruka 16 millionar av disposisjonsfondet for finansiering av ekstra kostnadar til Bore skule i 2018.

Grunna fallande skatteinntekter treng Klepp ein buffer for å skjerme tenestane for skattesvikt i budsjettåret.

Lånefinansiering

Lånefinansiering

Lånefinansieringsdelen varierer frå år til år. Utbetalingstidspunkt for tilskot og sal av eigedommar har forklart dette, saman med kor mykje som har vore budsjettert overført frå driftsbudsjettet.

Klepp har stort sett hatt ein høgare del av investeringane finansiert med lån enn dei andre kommunane i samanlikninga. På den andre sida har Klepp hatt kortare nedbetalingstid på låna.

For å avgrense låneveksten vart det i økonomiplanen for 2017-2020 lagt opp til ei auke i driftsresultatet og overføringa frå driftsbudsjettet til investeringar. Dette er vidareført i budsjettskissa og nødvendig for å hindre ein kraftig auke i lånegjelda.

Netto lånegjeld

Netto lånegjeld

Lånegjelda i Klepp har lege stabil rundt 50 % av driftsinntektene. Veksten har vore lågare enn budsjettert. Årsaka er mellom anna forsinka framdrift på investeringar og relativt store rebudsjetteringar til påfølgjande år.

Dersom forslag til rebudsjettering i 2. tertial vert vedteken vil netto lånegjeld bli redusert i 2017.

Lånegjelda i Klepp er pt. lågare enn i dei andre kommunane.

Målsettinga vart heva frå 2015 og Klepp vil liggja vesentleg over målsettinga fram til 2021 kor ein kjem opp på 82 %.