<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Statsbudsjettet

Regjeringa har lagt fram eit kommuneopplegg for 2018 slik tabellen frå statsbudsjettet viser.

Kommunesektorens inntekter

Veksten i dei frie inntektene er på 3,8 milliardar.  Av dei gjeld 0,2 milliardar fylkeskommunane og resten 3,6 milliardar kommunane.  Veksten fordeler seg slik:

  • 2,2 mrd. til dekning av meirutgifter til demografi/folketal.
  • 0,4 mrd. til auka pensjonskostnadar.
  • 0,8 mrd. satsingar.
  • 0,4 mrd. i auka lokalt handlingsrom.  Dette utgjer om lag 1,4 millionar for Klepp.

Inntekta er i samsvar med signala gitt i kommuneproposisjonen i mai.

Regjeringa ventar meirskattevekst på 4 milliardar for kommunane i 2017 samanlikna med anslaga i mai.  Meirskatteveksten vert forklart med ekstraordinært store uttak av utbytte i 2016, som truleg skuldast tilpassing til skattereforma.  Det er vanleg praksis at meirskattevekst frå mai og ut året ikkje blir vidareført året etter, og veksten «trekkes» difor inn.  Realveksten (justert for prisstigning) vert difor negativ frå 2017 til 2018.  (Meirskattevekst 4 mrd. – vekst 2018 3,8 mrd. = - 0,2 mrd.)  

Vekst frie inntekter