<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteveksten i 2017 har vore negativ og rådmannen har i 2. tertialrapport lagt fram forslag om å justera ned skatteanslaget til 528 mill. mot vedtatt 540 mill. og 532 mill. i 2016.  Figuren under viser utviklinga dei siste åra og anslaga i økonomiplanen. 

Nedgangen skuldast truleg lågare sysselsetting, lågare folkevekst og lågare lønsnivå hos dei som er i arbeid.  Det siste er truleg lågare lønsnivå i andre næringar enn mange hadde i oljenæringa, samt mindre overtidsarbeid grunna lågare aktivitet.  Innbetalt skattetrekk i Klepp har falt med om lag 1 % frå 2016, medan det har auka med 3,9 % for landet samla i same periode.

Nedgangen kan også synleggjerast ved at regjeringa ventar ein skatteinngang på 549 millionar for Klepp i 2017 mot eiga prognose på 528 millionar.

Skatteutvikling og prognoser

Figuren over viser at skatteinntekta i 2018 ville vore 65 millionar høgare dersom ein hadde hatt same nivå på skatteinntektene som i 2014 når den var på det relativt høgaste med 105,2 % av landsgjennomsnittet (100).  60 % av dei 65 millionane vert kompensert av inntektsutjamninga i rammetilskotet slik at netto tap vert om lag 26 millionar i 2018.

I budsjett for 2017 vart det lagt til grunn eit nivå på 98 % som var same som i rekneskap 2016.  Ved utgangen av september er Klepp nede på 94,1 % av landsgjennomsnittet.  I budsjettgrunnlaget er det lagt til grunn at nivået i planperioden vert på dagens nivå.