Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Risiko

Skatt og rammetilskot

For skatt er det lagt til grunn regjeringa sine utrekningar av forventa skatt for heile landet basert på kjente tal for skatteinntekter ved utgangen av september 2017 og forslag til endringar i skattesatsar og system lagt frem i statsbudsjettet for 2018.  Risiko til nasjonalt anslag er mellom anna:

•Endringar som følgje av stortinget si behandling av statsbudsjettet.
•Endra vekst i sysselsetting og lønsvekst.
•Korrigeringar på tidlegare skatteår, spesielt skatteoppgjer.

Dei same forholda vil også påverka Klepp sitt eige skatteanslag.  Klepp har dei siste åra opplevd redusert sysselsetting og truleg lågare redusert lønsnivå hjå dei som har bytta arbeid.

Folkeveksten i 2. halvår 2017 er den faktoren som er mest usikker i anslaget for rammetilskotet.  Talet på innbyggjarar 1. januar 2018 er grunnlaget for utrekning av skatteutjamninga i rammetilskotet.

Lønsutgifter

Anslaga for løn er basert på regjeringa sitt anslag i nasjonalbudsjettet for 2018.  Resultatet av sentrale lønsforhandlingar for 2018 er ferdig i april/mai.  Klepp har tradisjonelt hatt noko høgare lønsvekst enn kommunane samla grunna ulik samansetnad av yrkesgrupper og sektorar (fleire barn og færre eldre).  Endra lønsvekst vil også påverka skatteinntektene og rammetilskotet.  For å redusere risiko er derfor same føresetnadar lagt til grunn.

Renter og finans

Klepp har liten finansiell risiko til plasseringar. Lån, innskot og plasseringar er i hovudsak knytt opp mot pengemarknadsrenta Nibor 3 månadar.  Med historisk låge renter er truleg risikoen at renta stig meir enn marknadsforventningane tyder på i oktober 2017.  Netto er det venta at ei auke på 1 % vil gje om lag 1,5 millionar i auka rentekostnad for Klepp.  Rådmannen har fullmakt til å binde renta på lån, noko som truleg vert gjort i løpet av dei neste 3-6 månadane.

Pensjon

Utrekningane for pensjon er basert på opplysningar frå KLP og SPK.  Desse er basert på ei rekke føresetnader frå offentlege reguleringar og eigne vurderingar.  Klepp har ikkje overprøvd desse.  Endringar i følgjande faktorar kan gje endring i pensjonsutgifter/kostnadar:

•Endra lønnsvekst og G-regulering
•Avkastning på plasserte middel
•Endra tal på tilsette/medlemmer av ordninga i Klepp
•Endringar i offentlege reguleringar

Folketal

Endringar i folketalet i Klepp påverkar inntekter som skatt, rammetilskott, eigenbetalingar m.m.  Det påverkar også etterspørsel/behov for kommunale tenester.  Klepp er inne i ein periode med vesentleg lågare vekst enn dei siste 10-åra.  Spesielt er talet på barn under skulealder usikkert.  Utviklinga dei neste åra er svært usikre og konsekvensane vert vurdert løypande.

Flyktningar

Klepp har ikkje fått førespurnad om mottak av flyktningar neste år.  Det er signalisert vesentleg reduksjon for landet, og at ikkje alle kommunar blir spurt om å ta i mot.  Flyktningetenesta vert finansiert av eigne tilskot til flyktningar.  Vesentleg nedgang i mottak av flyktningar vil medføre behov for vesentleg endring i dette arbeidet.