Rente
Rentenivået er historisk lågt uavhengig og i eit 100-års perspektiv. Lange renter passerte truleg botnen sommaren 2016, medan pengemarknadsrenta Nibor har falt noko i 2017. Det er ikkje lengre venta at Norges bank vil setja ned styringsrenta, som er historisk låg 0,5 %.
Marknaden prisar ein oppgang i Nibor frå 0,8 % i dag til 1,4 % i 2021 og 2 % i 2027. Dette er lagt til grunn for utrekning av renteutgiftene i planperioden.
I tillegg til marknadsrenta kjem marginpåslaga til bankane eller långjevarar i kapitalmarknaden. For låna til største långjevar Kommunalbanken er siste kjente marginar på 0,6 % lagt til grunn. Lån i kapitalmarknaden, KLP og Husbanken er vurdert med sist kjende marginar. For lån med fast rente er fastrenta lagt til grunn for bindingstida, deretter forventa marknadsrente.
Gjennomsnittleg rente er:
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
1,60 % |
1,74 % |
1,97 % |
2,15 % |
Figuren under viser Norges bank sine siste prognosar for styringsrenta.
Figuren under viser marknadsforventningane på lange renter dei neste åra.