Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rammetilskot

Rammetilskotet er utrekna med grunnlag i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett og prognosar på folketal slik det er omtalt under folketalsutviklinga.  For nasjonal folkevekst er SSB sine utrekningar for KS lagt til grunn.

For utgiftsutjamninga er det ikkje lagt opp til store endringar frå 2018.  Av viktige endringar er endring i sektorfordelinga.  Skule og barnehage er vekta ned og pleie- og omsorg er vekta opp.  Klepp tapar noko på dette som følgje av ein relativ yngre befolkning enn for landet samla.

Øyremerka tilskot til fleire barnehagelærarar er innarbeidd i rammetilskotet og innarbeidd i ramma til etat for skule og barnehage.

I tillegg er det innarbeidd middel til kommunereforma slik den er kjent for 2018.  Ved samanslåing i 2019 og 2020 vil kriteria for dei samanslåtte kommunane verta endra.  Verknad av det for fordeling til Klepp kan medføre ei mindre auke eller reduksjon i rammetilskotet frå 2019-2020.

Regjeringa har omtalt følgjande satsingar finansiert ved auka rammetilskot (frie inntekter).

  • Opptrappingsplan for rus og psykiatri, 300 millionar.
  • Tidleg innsats barnehage og skule, 200 millionar.
  • Forebyggande tiltak barn, unge og familiar, 200 millionar.

Regjeringa sine satsingar, verknad for Klepp og disponering er vist i tabell over prioriterte driftstiltak.  I tillegg er årsverknad av tilskot vedtatt i 2017 innarbeidd i rammane.  Endringar mindre enn 100.000,- i statsbudsjettet er ikkje innarbeidd i rammene.  Mindre tiltak er heller ikkje ført opp som driftstiltak.

For inntektsutjamninga er følgjande lagt til grunn i utrekninga:

  • Skatteanslag for Klepp slik det er omtalt.
  • Skatteanslag for landet i samsvar med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
  • Prognose på folketal 1. januar i budsjettåra.
  • Nasjonalt folketal i prognosar frå SSB/KS.