Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Budsjettet på 1-2-3

Budsjettet og økonomiplanen i Klepp vert lagt fram av økonomiutvalet med bakgrunn i ei skisse frå rådmannen.  Rådmannen si budsjettskisse vart presentert 16. oktober og økonomiutvalet drøftar budsjett og økonomiplanen 16, 23, og 30 oktober.  Forslag frå økonomiutvalet vart lagt fram 30 oktober og sendt på høyring til hovudutvala og andre.  Formannskapet gav si innstilling til kommunestyret som vedtok budsjett og økonomiplanen 11. desember.  Saksganga kan følgjast på første sida i økonomiplanen.  Nettsida har vore oppdatert undervegs i prosessen og inneheld no i kommunestyret sitt endelege vedtak og konsekvensane av det.

Budsjett 2018 og økonomiplanen er prega av strammare økonomiske rammar som følgje av redusert folketalsvekst og svekka skatteinntekter.  For nærare omtale sjå delane for skatt og rammetilskot.

Investeringsplanen er prega av skuleutbyggingar på Bore, Kleppe, Vardheia og ny skule v. BMX banen. Det er sett av middel til planlegging av kommunehus med kyrkje med oppstart av arbeidet i 2021.

Drifta er prega av stramme prioriteringar og tilpassing av kapasitet til endra folketal i ulike brukargrupper.  Barnehagekapasiteten er redusert og talet på tilsette er tilpassa nytt forslag til norm for tilsette.  Auka tal og behov til brukarar av omsorgstenestene medfører styrking av tilbod og kapasitet.

For å løyse dette vert omstillingar nødvendige.  Det er mellom anna lagt om til omstilling og frigjere ressursar i omsorgstenestene og administrasjon.  Nedlegging av Horpestad og Vasshus skule vil og gje innsparingar i planperioden.

Økonomisk legg opp til høgare lånegjeld og dårlegare driftsresultat enn målsettingane i kommuneplanen.