Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Folketal

Folketalsauke i Klepp og utvalde kommunar

Folketal i Klepp var 19.354 ved utgangen av 2018. Auken i året vart på 137 personar, mot 175 personar i 2017.
Tal på fødslar fortset på lågt nivå som siste åra. 220 fødslar er lågast sidan 2005.
107 døde er det nest høgaste som er registrert (berre høgare i 2014).
Netto innflytting og innvandring ga auke på 21 personar, samalikna med 23 personar i 2017.
Folketal KleppFolketalsauke 2017
Kilde: SSB
Neste oppdatering: mai 2019 (sist oppdatert mars 2019)

Utviklingstrekk i folketalsauke (siste 12mnd)

Fødselsoverskot
Fødselstal minkar og antal dødsfall auker, som gir svekka fødselsoverskot. Aldrande befolkning vil gi fallande fødselsoverskot dei neste tiåra.

Netto innflytting
Høg netto innflytting frå ca 2006, truleg knytta til høg aktivitet i oljeindustri. Netto innflytting minkar dei siste åra, og det kan gå ein stund før det tek seg opp igjen. Positive tendensar siste året, og netto innflytting har blitt positiv. Fleire nabokommunane har framleis netto utflytting.

Folketalsvekst
Klepp hadde stor folketalsvekst i 2006-2008 som deretter har minka og vore svakare enn i nabokommunane. Veksten i nabokommunane har nå falle tilsvarande eller djupare enn Klepp.

Kilde: SSB
Neste oppdatering: mai 2019 (sist oppdatert mars 2019)