<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

3. Skule og barnehage

3.1 Barnehagane

Frå 2004 til i dag har talet på barn som går i barnehage auka. Den største auken har vore blant barn i alderen 1–2 år.  I 2017 gjekk 92,1 % av alle barn i alderen 1–5 år i barnehage. Tilsvarande tal Rogaland er 89,8 % og for landet 91,3 %.

Delen av minoritetspråklege barn har og hatt stor auke. I 2004 var talet 25 og i 2014 184.  I 2017 gjekk 67,6 % av minoritetsspråklege barn i alderen 0–5 år i barnehage. Samanlikna med både nabokommunane og landet elles er ein stor del av dei minoritetsspråklege barna i barnehage. For Rogaland er tala 61,2 % og for heile landet 64,7 %. Dette er gunstig for å læra norsk og for å få venar før skulestart.

Dekningsgrad og utdanning til personalet er ein indikator for kvalitet. Delen av pedagogiske leiarar med barnehagelærarutdanning er no på veg opp. Med den store utbygginga og opprettinga av nye barnehageplassar i distriktet har ikkje barnehagelærarutdanninga klart å vera i forkant. 

Klepp kommune har dei siste åra gitt  kompetanseheving for tilsette som vil ta barnehagelærarutdanning eller fagbrev.  I 2017  har 87,6  % av styrarane og pedagogiske leiarar godkjent barnehagelærarutdanning. Tilsvarande tal for Rogaland og landet er 88,6 % og 91,3 %. 

I fleire av dei kommunale barnehagane er det ein fagperson på kosthald og mathygiene. Dette har bidrege til at det vert servert sunnare og betre mat i barnehagen, og mathygienen vert sikra på ein god måte. 

I Klepp er 18 av 18 barnehagar godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler, men det er tre barnehagar som har uteståande avvik.

3.2 Skulane 

Klepp kommune har i dag 6 barneskular, 2 barne- og ungdomsskular, 2 ungdomsskular og eit opplæringssenter for ungdom som treng tilrettelegging i kvardagen. Ved Orstad skule har kommunen og eit opplæringssenter for elevar som er psykisk utviklingshemma.

Fleire av skulane er prega av den store utbygginga og auka i folketal. Fleire elevar frå andre nasjonar er og ei utfordring for skulane. Skulehelsetenesta har faste program for elevane, t.d. innan psykisk helse. Skulane kunne ha  ønskt at  skulehelsetenesta var meir til stades på skulane. 

Fortetting i sentrum og utflytting frå grendene fører til kapasitetproblem ved skulane i sentrum. Dette gjeld spesielt Kleppe og Bore. Det vert løyst ved påbygg på Bore skule, ny barneskule på Kleppe og ny ungdomsskule i Vardheia i samarbeid med Time kommune. Det må vera nok vaksne i skulane for å gje elevane eit godt psykososialt og fysiskt trygt læringsmiljø.

I Klepp er 11 av 12 skular godkjende etter forskrifta om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Men det er 5 av 12 som har uteståeande avvik.

I skulen er det kvart år elevundersøkingar som fortel noko om elevane sin trivsel og kva dei tykkjer om sitt læringsmiljø. Skulane har nokre interne undersøkingar, men den offisielle statistikken kjem frå elevundersøkinga som er obligatorisk på  på 7. og 10. steg. Klepp kommune har gjort elevundersøkinga obligatorisk på 6. til 10. trinn. Skulane har og tilsvarande foreldreundersøking på alle trinna.  Undersøkingane vert følgde opp med gjennomgang og tiltak alt etter kva dei viser på den einskilde skulen. 

Elevundersøkinga hausten 2017 viser slik for 7. trinn; henta frå Skuleporten. 

Figur 3.1 Indikator og nøkkeltal 7.trinn 2017-2018
Indikator Klepp kommuneRogaland fylkeNasjonalt
Læringskultur 4 4,1 4,1
Elevdemokrati og   medverknad 3,8 3,9 3,8
Fagleg utfordring 4 4,1 4,1
Felles reglar 4,2 4,3 4,3
Trivsel 4,2 4,3 4,3
Meistring 4,1 4,1 4,1
Støtte frå lærarane 4,4 4,5 4,4
Motivasjon 3,9 3,9 3,9
Vurdering for læring 3,9 3,9 3,9
Støtte i heimen 4,3 4,4 4,4

  

Elevundersøkinga hausten 2017 viser slik for 10. trinn;  henta frå Skuleporten

Figur 3.2  Indikator og nøkkeltal 10.trinn 2017-2018
IndikatorKlepp kommuneRogaland fylkeNasjonalt
Læringskultur 3,8 3,8 3,9
Elevdemokrati og   medverknad 3,3 3,3 3,3
Fagleg utfordring 4,2 4,3 4,3
Felles reglar 3,9 4 4,1
Trivsel 4,1 4,1 4,1
Meistring 3,9 3,9 4,1
Utdanning og yrkesrettleiing 3,8 3,8 4
Støtte fra lærarane 4 4 4
Motivasjon 3,5 3,4 3,5
Vurdering for læring 3,3 3,3 3,3
Støtte i heimen 4,1 4,1 4,1

 

Klepp ligg på eller under snittet for fylket og landet for dei fleste parametrane. Samanlikninga over fleire år viser at tala vekslar.  Undersøkinga frå 2013-2014 viste at Klepp låg under Rogaland og landsgjennomsnitt på 9 av 11 parametre og likt på 2.  Undersøkinga for 10. trinn for 2017 – 2018 viser at Klepp ligg under landsgjennomsnittet på 5 av 11 parametre og likt på 6.  Det er verdt å merka seg at verken Klepp kommune eller Rogaland fylke ligg over landsgjennomsnittet på noko parameter.

Det har dei siste åra vore sterkt fokus på mobbing i skulen og tiltak mot dette. Skulane har fått ny «mobbelov» å forhalda seg til.  Denne gjer det lettare for elevar og foreldre å melda frå om mobbing, og skulane har korte fristar for å setja inn tiltak. Eit viktig tiltak har vore å få skulane til å køyra evidensbaserte mobbeprogram eller andre førebyggingsprogram. Implementeringa av dette har vore varierande, programma ulike og graden av felles innføring av program har variert. Det vil heile tida vera viktig å følgja utviklinga knytt til mobbeproblematikk.

På den eine sida gjev Ungdata lite grunn til å tru at det var vore noko positiv utvikling knytt til mobbetall på ungdomstrinnet i perioden frå 2014 til 2017. Undersøkingane tyder heller på at det har vore ei mindre auke i mobbing. Dei som mobbar, mobbar fleire enn før. På andre sida viser den siste elevundersøkinga ei positiv utvikling i form av redusert mobbing. Ei utfordring er den skulte mobbinga som skjer gjennom dei nye sosial media.

 

Trekk ved elevprestasjonar

Figur 3.3  Lesing 5. trinn - nasjonale prøver - snitt meistringsnivå  2014 2015 2016 2017
Klepp 2,02 1,89 1,88 2,03
Rogaland 2,02 2,02 1,97 1,97
Nasjonalt  2,05 2,04 2 2,01
Engelsk 5. trinn     
Klepp 2,15 1,91 1,95 2,01
Rogaland 2,04 2,03 2,02 2,05
Nasjonalt  2,03 2,01 2,01 2,04
Rekning 5. trinn     
Klepp 2,07 2,01 2,04 2,15
Rogaland 2,07 2,06 2,03 2,04
Nasjonalt  2,04 2,04 2,04 2,04

Resultata for dei tre «faga»  lesing, engelsk og rekning varierer mellom 1,89 og 2,15 for åra 2014 til 2017.  Det er verdt å merka seg  at resultata  for 2017 er over snittet i Rogaland og landet både i  lesing og rekning.  I engelsk er og resultatet betre i 2017 enn det var i 2015 og 2016.  Om dette er tilfeldige variasjonar eller resultat som vil halda seg på sikt, vil berre framtida visa.  Skulane har hatt fokus på lesing og rekning i sine utviklingsplanar.  Mange lærarar har og teke vidareutdanning i norsk og matematikk gjennom «Kompetanse for kvalitet».

 

Figur 3.4  Lesing 8. trinn - nasjonale prøver - snitt meistringsnivå  2014 2015 2016 2017
Klepp 3,14 3,03 2,96 3,2
Rogaland 3,04 3,06 3,03 3,11
Nasjonalt  3,11 3,07 3,08 3,1
Engelsk 8. trinn       
Klepp 3,16 3,07 2,95 3,14
Rogaland 3,1 3,13 3,11 3,17
Nasjonalt  3,08 3,07 3,08 3,09
Rekning 8. trinn       
Klepp 2,85 3,02 2,97 3,16
Rogaland 3,08 3,12 3,08 3,16
Nasjonalt  3,08 3,09 3,08 3,08

Resultata for 8. trinn i lesing, engelsk og rekning viser positiv tendens.  Resultata i 2017 viser høgast meistringsnivå for alle tre fagområda for åra 2014 til 2017 med unntak av engelsk der 2014 var litt betre.  For 2017 ligg Klepp over landsgjennomsnittet for alle tre fagområda, og ganske likt med snittet i Rogaland.   Det er å vona at trenden vi ser her vil halda fram og er eit resultat av langsiktig og systematisk arbeid

   

Figur 3.5  Lesing - kartleggingsprøver 1. til 3. trinn
Del elevar på eller under kritisk grense 

2013/2014 2014/2015 2015/2016 2016/2017 2017/2018
1. trinn       42 15
2. trinn  14 19 19 14 19
3. trinn  29 17 18 23 10
Rekning - kartleggingsprøver 1. til 3. trinn
Del elevar på eller under kritisk grense
1. trinn 22 22 16 22 20
2. trinn  18 16 18 14 16
3. trinn  19 14 17 16 14

 

På landssnitt er 20 % kritisk grense. Lesing for 1. -3. steg har hatt ei positiv utvikling, spesielt i 1. steg. Foreldra sitt utdanningsnivå er ein indikator som kan ha ein del å seia for elevane sine prestasjonar. Resultata for 2017/2018 viser at alle tre trinna har eit snitt på 20 % eller lågare under kritisk grense.  Variasjonane er store mellom skulane, og resultata kan eit år på eit trinn variera mellom 0 og  opp mot 50 %.  Underlagsmateriale viser at Klepp ligg på eller under snittet både nasjonalt og for Rogaland fylke. Eit døme kan vera rekning 1. trinn 2017/208 der Klepp har 20 %, Rogaland 23 % og nasjonalt 24 % under kritisk grense.  Lesing 1. trinn 2017 / 2018 viser same trend. 

 

3.4 Fråfall av elevar frå vidaregåande skule

Å fullføra vidaregåande opplæring er ein føresetnad for å starta høgare utdanning. Dessutan er eit fagbrev etter fullført vidaregåande ein ein plattform for møta arbeidslivet. Det har og mykje å seie for den psykiske helsa, for meistring av kvardagen og for å kunna fungera i samfunnet.

Unge som ikkje fullfører, utgjer ei risikogruppa både helsemessig og sosialt. Av personar som ikkje fullfører vidaregåande skule, er ein av fire arbeidsledig eller uføre to år etter at dei gjekk ut av grunnskulen.

 

Figur 3.6 Andel fullført vgs iløpet av 5 år, 3-års snitt (prosent)
årKleppRogalandLandetTimeEigersundSolaStavanger
2007-2009 67,7 71,7 0 73,0 65,3 73,7 73,0 72,7
2008-2010 64,7 72,0 0 71,3 67,0 73,3 73,0 73,0
2009-2011 66,0 72,3 0 71,7 68,3 73,7 74,0 73,3
2010-2012 67,0 72,3 0 69,3 67,3 71,3 73,7 72,0
2011-2013 68,7 72,7 0 71,7 69,0 71,0 74,3 72,7
2012-2014 67,7 72,8 70,8 70,3 68,7 69,5 74,5 72,7
2013-2015 67,9 73,5 71,7 72,5 69,4 71,8 76,7 74,1
2014-2016 69,1 74,1 72,1 71 70,6 72,4 78,1 74,3
2015-2017 71,8 75,3 73,3 73,2 72,3 75,3 80,3 75,3

 

Talet på elevar frå Klepp som fullfører vidaregåande skule har vore varierande. Snittet har vore under nivået i fylket med unntak av eit par år. Tal på elevar som skulle ha vore ferdig med 5 år i vidaregåande opplæring eller fått fagbrev i 2016 viser ei fullføring på 67 % for Klepp, langt lågare enn nabokommunane og Rogaland fylke.  Grunnane til høgt fråfall har truleg samanheng med utdanningskulturen i kommunen, foreldra si utdanning og kva skuletilbod som er i kommunen.

Klepp har stort fokus på å auka gejjnomføringa. Saman med Time kommune og Bryne vidaregåande skule har Klepp laga ein heilskapleg plan for overgang mellom grunnskule og vidaregåande. Planen har ein tiltaksdel både på systemnivå og individnivå.

Resultata frå Ungdata viser at det er ei lita auke i talet på ungdommar som ønskjer å ta høgare utdanning, frå 53 % i 2010 til 58 % i 2013. Talet for 2016 var likevel 52 %.

Utfordringa i skulane framover vert å betra elevane sin trivsel og meistring. Dette kan på sikt gje betre målbare resultat i faga.   Dette må skje i tett samarbeid med føresette. Det må arbeidast målretta vidare for å auka graden av gjennomføring i vidaregåande opplæring.

 

Barn med tiltak frå barnevernet og skulegang

Forsking syner at det er sterk samanheng mellom grunnskulepoeng og sannsynlegheit for å fullføra videregåande opplæring. Eit karaktersnitt på 3,0 gir 15 % sjanse for å lukkast i videregåande opplæring. Klarer ein å heva snittet til 3,5 gir det 35 % sjanse for å lukkast.

Det er tydelege kjønnsforskjellar i grunnskulepoeng for ungdom med barnevernstiltak. Jentene som fullførte grunnskulen i 2016 oppnådde jamt over høgare grunnskulepoeng enn gutane. 57 % av jentene med barnevernstiltak hadde meir enn 34 poeng (3,4 i karaktersnitt), mot 36 % av gutane. Tilsvarande fordeling mellom ungdommane utan barnevernstiltak var 87 % blant jentene og 73 % blant gutane.

Figur 3.7 (frå Bufdir)

Grunnskolepoeng blant ungdom i barnevernstiltak