<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

5. Skadar, ulykker og lovbrot

Ulykkesskadar er eit helseproblem, spesielt blant barn, unge og eldre. Dødeligheita av skadar og ulukker har likevel gått ned sidan 1950-talet.

Klepp kommune blei godkjent som Trygt lokalsamfunn i 2002, og har sidan den gong arbeidd systematisk med skade- og ulykkesførebygging. Lokal registrering av ulukker har vore ein del av arbeidet. Slik registrering blei gjort ved alle legekontor i 2002, 2003 og 2011. Den lokale registreringa viser kor ulykkene skjer, type ulukke, kven som blir ramma, alvorsgrad og tidspunkt. Sjølv om det ikkje er gjennomført lokalregistrering sidan 2011, sit kommunen på rimelig god oversikt over ulukkesbiletet.

Både lokal registrering frå tidlegare og nasjonale tal syner at dei fleste ulykkene skjer heime og dei alvorlegaste ulykkene skjer langs vegane. Det er dei yngste og eldste som er mest utsette for ulykker.

 

5.1 Skadar behandla i sjukehus

Figurd 5.1 Skadar behandla i sjukehus, tal pr 1000 innbyggarar

årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2010-2012 14,3 13,4 14,2 14,1 14 13,4 12 13,1
2011-2013 13,9 13 14,1 14,5 14,2 12,9 11,8 12,7
2012-2014 13,2 12,8 14 13,7 14,8 13 12 12,7
2013-2015 12,9 12,7 13,8 13,8 14,1 13,2 11,7 12,6
2014-2016 12,7 12,6 13,8 13,8 13,3 12,6 11,6 12,7

Klepp har hatt positiv utvikling og ligg nå under landsgjennomsnittet, likt med Rogalandsgjennomsnittet når det gjeld skadar behandla i sjukehus.

  

5.2 Hoftebrot

Fallskadar er rangert som den 6. viktigaste faktoren til helsetap i Norge, større enn helsetap i samband med hjerte- og karsjukdommar. Eldre er særlig utsette for fallskadar, ofte med brot som utfall. Fallførebygging blir trekt fram som ein av dei viktigaste innsatsane i åra framover. Jo fleire eldre, jo viktigare å retta innsatsen mot førebygging av fall. I eit folkehelsepersektiv bør førebygging av fall prioriterast høgt då det gir store samfunnsøkonomiske gevinstar.

Figuren under viser hoftebrot behandla i sjukehus. 

Figur 5.2 Hoftebrot 75+ år (per 1000 innbyggjarar)
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2010-2012 17,6 18,6 19,6 15,7 15,8 19,8 15,9 19,1
2011-2013 15,9 18,8 19,4 15,4 17 18,8 16,6 18,4
2012-2014 16,5 18,8 19 16,4 18,4 16 18,3 18,8
2013-2015 17 17,8 18,6 18,1 15,8 17,4 19,2 17,3
2014-2016 17,7 16,8 18,2 16,1 13,7 17,8 15,5 16,8

Klepp har hatt svak auke i talet på hoftebrot, og ligg framleis under landsgjennomsnittet, men over nabokommunane.

 

Fall registrert i institusjon
Fall i institusjon blir registrert som avvik i CosDoc. (CosDoC er programmet helsevesenet brukar innan omsorg). Tabellen under viser registrering over to år, fordelt på dei ulike avdelingane i kommunen.

Figur 5.3 Fall Tal plassar Kategori Fall 01.06.2016-31.05.2017 Fall 01.06.2017-31.05.2018
Kleppheimen 2.etg 23 Somatisk, langtid, 4 lindrande, 1 korttid 4 36
Kleppheimen 3.etg (tidl. Sirkelen 2.etg) 17 Demens, skjerma avdeling 79 34
Bukollektivet 16 Demens, skjerma avdeling 2 13
Sirkelen 3.etg 24 16 langtid, 4 korttid, 4 rehab 16 12
Totalt 80   101 95

Sidan det er så stor variasjon i tala frå det første året til det andre, er det grunn å tru at det skuldast ulik/endra praksis for registrering meir enn reelle fall. Registrering av fall er viktig del av førebyggings- og kvalitetsarbeidet i institusjon. Lik registreringspraksis må sikrast for å kunna overvaka og vurdera om tiltak som settest i verk har effekt. Registrering av fall i institusjon vil bli følgt opp vidare i kommunen.

 

5.3 Skadar i skule og barnehage

Kommunale barnehagar og skular melder skadar til forsikringsselskapet Vaco. Private barnehagar har ein ikkje tal for. 

Figur 5.4 Forsikringssaker - Skadar i skule og barnehage
ÅrSkuleBarnehage
2009 17 24
2010 34 26
2011 21 36
2012 21,5 46,5
2013 24 28
2014 26 31
2015 39 22
2016 67,5 25,5
2017 56 18

Tala er usikre. Det er grunn å tru at auken også skuldest endra praksis for registrering. Trass auken er det sansynlegvis også ein viss grad underrapportering.

  

5.4 Brann

Registreringar (DSB-tal) viser at Klepp hadde 12 brannar i 2016 og 8 i 2017.  Kommunen samarbeidar med Rogland brann og redning IKS om å forebyggja brann og redusera konsekvensar ved brann for personar i risikoutsette grupper. Det føreligg ein eigen samarbeidsavtale på dette området.

Branntekniske løysningar er sett i verk for risikoutsette brukargrupper. Kommunen har fleire bustader med direkte varsling til brannvesen. Det er sprinkling i nokre av desse og det er anskaffa tre mobile vanntåkeanlegg som kan nyttast i bustader som er ekstra risikoutsette.

 

5.5 Trafikk

Trafikkulykker er den ulykkestypen som fører til mest dei mest alvorlege skadane. Unge menn er den mest utsette gruppa for trafikkulykker. 

Figur 5.5 Trafikkulykker med personskade per 1000 innbyggjarar, 3-årig snitt
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2001 1,1 1,6 1,9 1,4 1,4 1,8 1,5 1,2
2002 1,7 1,6 1,9 1,2 1,7 1,6 1,4 1,2
2003 2,0 1,5 1,9 1,2 1,7 1,6 1,4 1,2
2004 2,1 1,5 1,9 1,3 1,5 1,6 1,5 1,2
2005 1,9 1,5 1,8 1,4 1,5 1,8 1,3 1,1
2006 2,0 1,4 1,8 1,5 1,4 1,6 1,4 1,1
2007 2,1 1,5 1,7 1,4 1,5 1,4 1,4 1,1
2008 1,8 1,4 1,7 1,4 1,4 1,4 1,4 1,1
2009 1,2 1,3 1,6 1,4 1,1 1,4 1,3 1,1
2010 1,0 1,2 1,5 1,3 0,9 1,3 1,3 1,0
2011 1,0 1,1 1,3 1,2 0,8 1,2 1,0 0,8
2012 1,1 1,0 1,3 1,2 0,8 1,3 0,8 0,8
2013 1,0 1,0 1,2 1,1 0,7 1,3 0,7 0,8
2014 0,9 0,9 1,1 0,8 0,6 1,2 0,7 0,8
2015 0,7 0,8 1,0 0,7 0,6 0,9 0,7 0,8
2016 0,7 0,8 0,9 0,7 0,6 0,9 0,7 0,7
2017 0,7 0,7 0,8 0,7 0,7 0,9 0,6 0,6

Trafikkulykker med personskadar har vore fallande frå starten av 2000-talet og fram til i dag. Klepp låg over landsgjennomsnittet i ein periode, men har nå kome ned. Kommunen ligg no jamt med snittet for Rogaland, under landsgjennomsnittet.

 

Figur 5.6 Personar drepte eller skadde ei vegtrafikkulykker
ÅrSkadde i altHardt skaddeLettare skaddeUoppgitt skadegradDrepte
2008 27 0 20 5 0
2009 22 4 18 0 0
2010 25 4 19 2 0
2011 23 0 20 3 0
2012 26 2 24 0 0
2013 17 2 9 6 1
2014 14 3 9 2 0
2015 13 0 11 2 0
2016 21 5 15 1 0
2017 15 1 12 2 0

Klepp har ikkje hatt drepte i trafikken sidan 2013.

Trygg skuleveg
Våren 2018 blei det gjennomført barnetråkkregistreringar i kommunen. Elevar ved 5. og 9. trinn ved alle skulane har delteke i kartlegginga. Elevane teiknar inn dei plassane der dei kjenner seg utrygge og dei plassane dei kjenner seg trygge/liker å opphalda seg. Fokus er både skulevegane og nærområda der dei ferdast i fritida. Resultatet av kartlegginga skal analyserast og tiltak settast i verk for ein del av innspela. Barnetråkkregistreringa skal elles nyttast vidare i kommunal planlegging. 

Barnetråkkregistrering

Eksempel på barnetråkkregistrering i Tukrinsen.
Om vegane i området, seier barna:

  • Bør vera G/S-veg langs Lalandsvegen
  • Trafikk og trafikk kaos på fv 44 rett overfor Tu gamle skule
  • Mykje støy frå fv 44
  • Skummelt å gå over fv 44 ved rundkøyringa fv 44/Lalandsvegen
  • Mykje trafikk i krysset Tjøttavegen/Kåsenvegen
  • Mykje trafikk i Tjøttavegen, svingane ned mot rundkøyringa i fv 44

 

5.6 Lovbrot

Figur 5.7 Lovbrot melde per 1000 innb (årleg gjennomsnitt 2016-2017)
 Vald og mishandlingRusmiddellovbrot
Klepp 3,8 9,1
Rogaland 6,3 10,4
Landet 6,7 9,2
Time 6,8 12,3
4,4 4,4
Sandnes 5,8 11,7
Stavanger 7,5 10,5

Melde lovbrot for vald og mishandling i Klepp er om kring 4 per 1000 innbyggarar. Dette utgjer om lag 80 melde tilfelle kvart av åra. Klepp har færre melde lovbrot enn nabokommunane, fylket og landet. Likevel gir tala for Klepp grunn til å følgja med på utviklinga. Dette må sjåast i samband med kommunen sitt arbeid for å førebyggja vald i nære relasjonar.

Melde rusmiddellovbrot i Klepp er tilsvarande tala på landsbasis. Tala varierer ein del mellom jærkommunane for denne typen lovbrot.

Ungdomskriminalitet

Ein kartleggingsrapport av barne- og ungdomskriminaliteten i Sør-Vest politidistrikt 2017 syner ei auke i registrert kriminalitet blant barn og ungdom. Dette er det same biletet ein og ser nasjonalt. I eit lengre perspektiv har ungdomskriminaliteten gått kraftig tilbake, spesielt det siste tiåret. Forsking syner og at dei unge kriminelle er blitt eldre (Ungdata, 2018). Ofte har ungdom som begår kriminelle handlingar tilleggsproblem som ustabile heimeforhold, svak psykisk helse, dårleg skuletilpasning, svakt sosialt nettverk og rusproblem (Ungdata, 2018).

Klepp kommune har som dei fleste andre kommunane i politidistriktet, ein auke i tal på personar under 18 år som var registrete med eit straffbart forhold i 2017 samanlikna med 2016. Auken totalt sett i politidistriktet er i aldersgruppa 13-14 år. På Jæren er det vinning som er det forholdet flest ungdom under 18 år er registrerte med. Vald og narkotika kjem på dei neste plassane. Politiet meiner det er grunn til bekymring for meir negativ atferd, meir bruk av rusmiddel og auka kriminalitet innanfor deler av barne- og ungdomsmiljøa. Dette gjeld og for ei lita gruppe av ungdom i Klepp kommune.

Analyse av ulike Ungdata-undersøkingar syner at ungdom med ein, to eller tre svake relasjonar til foreldre, skule eller venner er meir utsette for å ha ei ungdomstid prega av risikobelastningar. Delen unge som nyttar rusmiddel er og høgare blant dei same gruppene.

I rapporten «En kartlegging av fenomenet ungdomsgjenger i Stavanger og Sandnesområdet» kjem det fram at sosiale mediar framstår som den nye møtestaden for aktivitet. I Sør-Vest politidistrikt har politiet kjennskap til valdsvideoar som er spreidde via sosiale mediar. Klepp kommune er kjent med at det er fleire slik videoar med ungdom frå eigen kommune involvert.

 

5.7 Skadar og ulykker i landbruket.

Det totale ulykkesbiletet er ufullstendig. Avløysarlaget har få registrerte hendigar for tilsette som dei har ansvar for. Dette er avløysarar frå alderen 13 år og opp til 70 år, frå ufaglært ungdom til utdanna agronomar. Det er bonden som er ansvarleg for opplæring og HMS på eige gardsbruk. Skadar av alvorligheit som kan gje varige men, blir registrerte og melde vidare til rett instans.

Det har vore nokre få alvorlege ulykker dei siste 30 åra, men ingen dødsulykker blant avløysarlaget sine tilsette.

  

5.8 Drukningsulykker

Klepp kommune er særs utsett for drukningsulykker langs strendene. Fleire av strendene har vanskelege og uforutsette understraumar, som gir auka risiko for drukningsulykker. Våren 2018 blei det opplyst om fleire nestenulykker langs strendene, utan at dette er talfesta. I denne perioden var det langt fleire badande ved strendene på grunn av varmt og fint ver. Framover må det setjast fokus på informasjon kring straumforhold på strendene.