<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

8. Samla utfordringar

Nedanfor er det samla dei sentrale utfordringane som gjeld folkehelse i Klepp kommune.

Befolkning og befolkningssamansetting

  • Klepp er del av ein felles bu- og arbeidsmarknad på Jæren, og det som skjer i regionen har stor påverknad på folketalsutviklinga i Klepp. Dette gjer langtidsplanlegging utfordrande.
  • Låg sysselsettingsgrad blant personar med innvandrarbakgrunn gir utfordringar i intergrerings- og oppvekstarbeidet.
  • Talet på eldre vil auka.

Oppvekst og levekår 

  • Det er auke i barn under 18 år som bur i hushaldningar med låg inntekt.
  • Klepp ligg godt over landsgjennomsnittet når det gjeld barn i låginntekstfamiliar som bur i leigd bustad
  • Gjeldsgraden er høg blant innbyggarane i Klepp.

Skule og barnehage

  • Skulekvardagen er ikkje tilstrekkeleg tilpassa dei yngste og mest umodne elevane
  • Innsats og tiltak for barn med ulike utfordringar blir ikkje tidleg nok iverksette.
  • Ein del barn og unge opplever eit utrygt læringsmiljø i skulen.
  • Gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring er for låg .

Rekreasjon og friluftsliv

  • Tilgang til rekreasjon- og nærturterreng er begrensa.

Kollektivtrafikk

  • Det kollektive transporttilbodet dekker ikkje behovet. Dette gjeld særleg i ytre delar av kommunen.

Sosialt miljø, møteplassar og kulturtilbod

  • Innvandrarar deltek i liten grad i kulturaktivitet, idrett og fritidsorganisasjonar.
  • Barn og unge frå låginntektsfamiliar har begrensa muligheiter å delta i fritidsaktivitar.

Skadar og ulukker

  • Kommunen manglar systematisk registrering av fall i institusjon.
  • Bading ved strendene innber ein risiko, fleire nestenulukker seinare tid.
  • Analysegrunnlaget for skadar og ulykker i barnehagar og skular er ufullstendig.

Fysisk aktivitet

  • Lågterskeltilbod til fysisk inaktive er ikkje tilfredsstillande.

Overvekt/fedme hos barn

  • Ein del barn og unge er i faresonen for å utvikla overvekt eller fedme.

Ungdom med samansette problemstillingar

  • Haldningane til bruk av rusmiddel har blitt meir liberale.

Psykiske vanskar hos barn og unge

  • Barn og unge med psykiske vanskar og lidingar blir oppdaga for seint, noko som fører til at effektive tiltak ikkje blir sett i verk tidleg nok.
  • Skuledagen er ikkje tilstrekkeleg tilpassa barn og unge som slit med psykiske vanskar.
  • Behandlingskapasitet i spesialisthelsetenesta er for dårleg når det gjeld psykiske lidingar.